Endeleg søramerikansk!

I Bergen har den første reint latinamerikanske filmfestivalen her i landet, Cine Latino, gått av stabelen på Cinemateket.

Publisert

Praktisk talt fulle hus på alle framsyningane peikar mot at dette vil bli ei årleg tilskiping. Rett nok har Oslo sin «Film fra sør», men der kan sør tyde sør for kva som helst. På Cine Latino er det berre Sør- og Mellom-Amerika som tel.

I tillegg til å vise den meksikanske Oscar-vinnaren Roma, som elles knapt blir å sjå på kino nokon stad, presenterte festivalen sju ferske filmar frå sju ulike land.

Kvart år blir det produsert over 600 filmar i Latin-Amerika, og fire av dei fem siste Oscar-prisane for «beste utanlandske film» har gått til denne verdsdelen. Men i fjor fekk berre éin latinamerikansk film ordinær kinolansering i Noreg. Vi har med andre ord mykje usett.

Heilt rått

Det er uklart kva som driv ungdomsgjengen som herjar i denne filmen. Dei opptrer som ei geriljagruppe, men har ingen ideologi, berre aukande villskap. Då leiaren deira blir borte, går barnesoldatane gradvis i oppløysing reint menneskeleg, som eit ekko av Fluenes herre. Ungdommane mister retning og impulskontroll, og den sterke historia blir ein studie i destruktiv gruppedynamikk, der råskapen blir meir og meir dominerande.

Dei opererer høgt til fjells og langt inne i det som truleg er den colombianske jungelen, og dei tek ei amerikansk kvinne og det vesle barnet hennar til fange. Mora gjer ein freistnad på å flykte, men både jungelen og dei unge er nådelause, så mykje går frå vondt til verre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement