Bok

Elegisk og brutalt

Endre Ruset og Harry Man skriv rik poesi om eit norsk traume.

Publisert

Terroråtaket på Utøya og i Regjeringskvartalet 22. juli 2011 er omdreiingspunktet i denne diktboka, skriven fram som eit samarbeidsprosjekt mellom den norske poeten Endre Ruset og den engelske poeten Harry Man.

Jamvel om diktbokas tittel Deretter peikar på ei ettertid og eit skilje i tida, handsamar ikkje dikta det norske traumet, det vil seie det manglande oppgjeret med det ideologiske tankegodset som motiverte massedrapsmannen. Dikta samlar seg om hendingane og dei bølgjene av sorg og sjokk massedrapet forårsaka. Sommaridyllen som forvandlar seg til eit apokalyptisk scene, og den etterfølgjande sorga.

I tråd med dette vil ein finne ein høg frekvens av forvandlingsmotiv og hav- og bølgjebilete strøymande gjennom dikta. Slik koplar også boka seg til ein lang elegisk tradisjon.

Rørlege monument

Bokstavane i dikta former grafisk konturane av andlet som lyser kvitt på boksidene, og kvar andletskontur ein finn i boka, har eit eige særpreg. Gjennom andleta strøymer orda, men rett nok vert ordstraumen iblant broten opp i enkeltbokstavar som gjer rytmen stakkato, der dei dannar auge eller munn eller vert til ein kontur mot det kvite fråværet. Kombinasjonen av det visuelle og verbaltekstlege gjer dikta til rørlege monument.

Dikta er skrivne til eit smertefullt høve. Dei krinsar om ein autentisk kjerne som involverer mange, frå dei direkte råka til det norske kollektivet. Utfordinga er å finne eit gyldig språk til illgjerningane og tapet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement