Film
Ekte og einøygd
Soldatar frå USA slepp til med si historie i ein tett og skarp krigsfilm frå Alex Garland.
Filmen er skriven og regissert av irakkrigsveteranen Ray Mendoza og Alex Garland. Handlinga er inspirert av erfaringar Mendoza har som Navy SEAL-soldat. Kjelde: Foto: Nordisk Film Distribusjon
Tre år etter fullskalainvasjonen hoppar vi inn i handlinga der soldatar frå invasjonsmakta skal sette opp ein snikskyttaroperasjon i ein by med væpna motstand. Staden er Ramada vest i Irak. Vi følger soldatar som tek seg inn i eit hus delt mellom to familiar. Små og store blir samla på eit rom, medan inntrengarane riggar til. Etter ei stund med spaning smell det. Resten er stress, nervar, blod, sveitte og tårer.
Innsida
Briten Alex Garland var lenge kjend som forfattar. Med Ex Machina (2014), Annihilation (2018), Men (2022) og Civil War (2024) har han lukkast med å balansere kommersielle og kunstnariske ambisjonar som filmskapar. Han har regissert Warfare saman med den tidlegare soldaten Ray Mendoza, som sjølv tok del i hendingane den dagen filmen fortel om. Det heile er skildra i tilnærma sanntid.
Spelefilmen Warfare er i slekt med det dei på engelsk kallar «embedded journalism», der media går i følge med ein stridande part. Vi får servert historia til soldatane etter deira minne. Ein kavalkade til tonane av strålande «Dancing and Blood» av Low som avrunding slår fast at filmen er ei hylling av USAs soldatar. Filmen er dedisert til ein av dei. Vi får aldri vite kva irakaren i det laget som strauk med, heitte.
Øyresus
Lydbruken er sterk. Ingen musikk er lagd på. I ventetida er stilla trykkande. Ein kan høyre litt fuglekvitter. Folk fiklar med utstyr. Radiokommunikasjonen går på militærspråk. Når dei listar seg, kan eg høyre min eigen blyant mot notatblokka. Det får ein brå slutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.