Film

Ekkel edderkopp

Holy Spider maktar vera politisk og underhaldande på same tid – heldigvis.

I filmen til Ali Abbasi jaktar journalisten Rahimi (Zar Amir-Ebrahimi) på ein seriemordar.
I filmen til Ali Abbasi jaktar journalisten Rahimi (Zar Amir-Ebrahimi) på ein seriemordar.
Publisert

Mashhad, 2000: Journalist Rahimi (Amir-Ebrahimi) tek turen frå Teheran for å grava i kva som gjer at ein karakter kalla Edderkoppmordaren (Bajestani) kan ta livet av så mange prostituerte utan at politiet klarar fakka han for desse så openlyse bortføringane. Mashhad-kollega Sharifi (Ashtiani) samarbeider til og med direkte med mordaren, som gjerne vil at avisene skal dekka dei «edle» dådane hans.

Kompassopp

Det er mørkt, dette her, berre så det er sagt. Ein fyr som Saeed, som overlevde den fyrste golfkrigen og dermed ikkje blei martyr, kva kan han vel gjera for å gleda Allah? Drepa dei umoralske, sjølvsagt. Beeeeekmørkt. Det verste er at han drep ikkje eigentleg for Allah, men for ein eller annan imam som han ser sånn opp til.

Holy Spider er basert på sanne hendingar, men som med all sannkrim kan ein ikkje lita på kva som er sant i noka særleg grad. Så når eg les at heile journalistdelen er oppdikta, kjenner eg at lufta i den i utgangspunktet begeistra ballongen min går litt ut.

På andre sida: Som spelefilm i ein sjanger eg finn høgst underhaldande, maktar Holy Spider å fortelja ei historie som er skakande med tanke på at folk faktisk til ei viss grad støtta handlingane til Saeed. Sjølv om dette var tjue år sidan, så er det i lys av dagens demonstrasjonar og arrestasjonar ingen tvil om at Iran har ein lang veg å gå for å justera det moralske kompasset sitt.

Isningar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement