Teater

Eit vakkert møte

Lena Kvitvik spelar den vesle prinsen.
Lena Kvitvik spelar den vesle prinsen.
Publisert

Det ser ikkje ut til å ha plaga teatersjef Birgitte Strid at ho har måtta ha hand om dei aller fleste funksjonar for å få denne allalderklassikaren opp på scena. Strid har eit godt grep om det meste og har skapt ei vakker og stemningsfull framsyning, der også vemodet får sin plass.

Historia om piloten som må naudlande i Sahara-ørkenen og der møter ein ung prins som på mystisk vis har komme til jorda frå ein fjern asteroide, B612, er like fortryllande i dag som då den korte romanen låg føre for 75 år sidan. Ho er rik på refleksjon og livsvisdom. Den unge prinsen stiller heile tida spørsmål, men får ikkje så mange svar. Det som likevel gjer denne forteljinga så innhaldsrik, er at piloten har mykje av barnet og det barnlege tenkjesettet i behald.

Dei står svært godt til kvarandre, dei to som er aleine på scenen. Lena Kvitvik er ein ung prins full av undring og med ein logikk som er heilt hans eigen. Og i Andreas Kolstad har prinsen fått ein motspelar som i mangt er på same nivå som han. Likevel blir dette eit møte – eit produktivt møte – mellom det barnlege og det vaksne, fantasi og røyndom. Ei forteljing med sin eigen poesi.

Alt ved denne oppsetjinga er enkelt, og det fungerer godt. Bak på scenen står ein «himmelstige» som er stilt skrått og som prinsen kan klatre i og hente hjelpemiddel i, men som òg kan gjere teneste som stjernestrødd himmelkvelving.

Det er to einsame sjeler som møtest på den heite ørkensanden. Dei finn kvarandre i eit venskap som dei stundom rett nok også prøver å spøkje bort. Men dei veit at det kan ikkje vare. Piloten arbeider med å få ordna flymotoren, prinsen ventar på melding om at han skal vende attende til si verd. Så skilst dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement