Teater
Eit sprikande overskotsfenomen
Ole Johan Skjelbred, Andrine Sæther, Tone Mostraum og Olav Waastad spelar i det nyskrivne, kollektive prosjektet.
Foto: Øyvind Eide
Ibsenfestivalen handlar ikkje berre om Ibsen. I dette nyskrivne kollektive prosjektet, som sprikar i fleire retningar, er fellesskapen eit til dels samlande tema. Den leikne framsyninga stiller mange spørsmål, men gir få svar. Til gjengjeld er ho prega av overskot, absurd humor og stor speleglede, der dei fire aktørane manøvrerer seg gjennom tilværet tilsynelatande utan heilt å vite kvar dei skal.
Einsemd og depresjon, fellesskap og utanforskap, fridom og røyndom, fellesskap og privatliv, det sunne livet versus det søte livet, religion og politikk. Dette er berre eit knippe av tallause tema som framsyninga sneiar innom i løpet av nærmare tre timar. Noko kunne vore skore vekk, men det meste er underhaldande og dels tankevekkjande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.