Film
Eit skjerma liv
Dag og Tid kjempar vidare mot keisemda, men minner om at det kan vera lurt å ta nokre avbrekk frå gloinga. Du har vel ikkje gløymt at du kan få firkanta auge av å sjå for mykje på TV?
Cher og gjengen i filmen frå 1995.
Før du avtalar tidspunkt for filmfest: Hugs at alle tekniske nyvinningar medfører uendelege irritasjonar og mykje tid før fruktene kan haustast. Og så er ikkje Netflix Party-funksjonen noko anna enn ei utviding (extension) som tillèt at fleire deler skjerm, men det er svært mykje betre enn å prøva å trykka på play samstundes og få synkronisert lyd som i tillegg skal gå via FaceTime.
Det fine med at ungar vert større, er mellom anna at dei endeleg er opne for å sjå filmar frå gamle dagar, i dette tilfellet Clueless, spela inn i steinalderen (1995). Men om du ikkje har sett han sidan: Han held seg uoverraskande bra! Cher og venene hennar oppfører seg så ut av tida med sine veslevaksne talemåtar og klesvegar at dei toler tidsreisa. Blandinga av humor og overflatisk rikmannsproblematikk passar uendeleg godt akkurat no.
Youplay
Tomm Kristiansen hadde eit interessant program på NRK her om dagen: Det omhandla dei store boksamlingane i Mali som Al-Quaida ville brenna. Tusenvis av eldgamle skrifter låg gøymde i perfekt tempererte rom i byen Timbuktu. Berre eit par år seinare kom Abderrahmane Sissako ut med den vilt vakre filmen oppkalla etter og spelt inn i same by. Timbuktu (2014) er ein av desse filmane som opna verda for sjåaren, som gjer at ein kan kjenna urettferda under huda på ein måte som kan få hjarta til å bresta. Så kor kunne eg få sjå denne om att? Jau, det viser seg at ein kan leiga filmar på YouTube! 39 kroner, berre, men det viste seg at då var han uteksta, utan nokon måte å fiksa det på i sjølve YouTube. Men så dukka han opp i Google Play, der ein kunne velje tekst. Visst er Timbuktu vakker i seg sjølv, men å tolka lokale språk og arabisk om ein annan krev teksting. Om du lurte.
NRK Fever
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.