Eit overflodshorn
Håkon Bleken vert feira med ei overflødig bok, men òg med eit overflodshorn av ei utstilling.
Håkon Bleken: «Bendik og Årolilja – Fødsel», «Bendik og Årolilja – Dansen» og «Bendik og Årolilja – Døden». Olje og collage på lerret 154,5 x 174,5 cm
Begge foto: Arild Pedersen
Kunstutstilling
Onsdag 9. januar vart Håkon Bleken 90 år, nokså nær i full vigør. Alt har han gåande ei stor utstilling på Høvikodden. Men no, til sjølve datoen, er det to nye hendingar som markerer jubileet. Ein av hans gamle galleristar, Brandstrup, stiller ut nye Bleken-bilete. Og ei bok laga av Tom Egil Hverven, som inneheld samtalar mellom han og Bleken, kjem ut.
Eg var på lanseringa av boka hos Gyldendal: Full brakke om føremiddagen. («The chattering class» og pensjonistar har ikkje vanleg arbeidstid.) Der satt Bleken og Hverven og skulle gje døme på samtalane boka inneheldt. Det gjorde dei på illustrerande vis. Hverven, som er litteraturvitar og kritikar, har fått hovudet overfylt av litteratur. Så han byrja samtalen med å påstå at Blekens kunstnarskap utgjer ein roman når ein går frå målarstykke til målarstykke. Men Bleken slo seg straks vrang, på sitt sjarmerande vis, og insisterte på at målarstykke berre er bilete, som viser utsida av folk. Medan ein roman kan gå inn i romanfigurane. To ulike diskursar, kunne han sagt.
Slump og kreativitet
Slikt er det mykje av når Bleken vert intervjua, både hos Hverven og til dømes i eit dårleg NRK-intervju laga av Ole Torp: Leiande spørsmål som inviterer til subtile tolkingar av meining og intensjonar, men som vert sende i bakken av Blekens svar: Nei, han byrja ikkje med kolteikningar av di han ville uttrykka særleg mørke sider ved tilværet, slik Tone Hansen på Høvikodden trur, men av di han hadde dette materialet for handa. Nei, han planla ikkje «Deportasjonen», eit bilete om jødedeportasjonen, men fekk nokon til å lima opp avisutklipp på eit lerret, og fann så at dei danna eit mønster som inviterte til eit slikt tema – slump og kreativitet.
Ikkje berre er det mykje litteratur i hovudet til Hverven, men særleg av det slaget som Knausgård og Hjorth lagar, der ein erstattar fiksjonsplot med «autentiske» oppramsingar frå røyndomen, ein slags litterær positivisme. Dette har utvikla ein eigen sjanger av dialogaktige intervjubøker, særleg fremja av Alf van der Hagen, der ein intervjuar drøser med ein kunstnar og får han til å seia ymse, særleg om privatlivet sitt. I dette tilfellet har Hverven vore saman med Bleken i fleire år og teke opp alle samtalar dei har hatt. Så har det heile vorte skore ned og redigert til temakapittel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.