Teater

Eit lagnadsdrama som kunne vore skarpare

Storverket til Olav Duun byr på godt spel og fine detaljar, men noko manglar.

Ameli Isungset Agbota (t.h.) spelar husfrua Ragnhild, kona på garden Stavsund. Sigrid Kandal Husjord har rolla som Tale, mor til Håkon.
Publisert

Det er underleg korleis tilsynelatande små endringar kan omskape ei teaterframsyning. I dette tilfellet den sentrale skikkelsen Didrik Dale, ofte tolka som den inkarnerte vondskapen, men som regissør Johannes Holmen Dahl og skodespelar Geir Kvarme her har gjort mindre eintydig og slik kanskje også litt mindre farleg.

Det får farge framsyninga på ein måte som tek bort litt av det mørkaste i denne vonde historia og gjer henne litt mattare. Eg seier ikkje at ei slik tolking er feil, men det har sine konsekvensar, som om litt av krafta blir sogen ut av dramaet. I tillegg kjem det som går tapt når ein rik roman skal dramatiserast, ikkje minst av indre tankar og dialog.

Uføreseieleg

Kanskje er det likevel noko rett i den måten Geir Kvarme formar Didrik på. Han er jo, skjønar vi også hos Duun, ikkje vondskap frå inst til ytst. Og ved nettopp å gi rom for også noko anna i denne skikkelsen, blir han litt meir uføreseieleg – utan at han på det viset kjennest meir trugande.

Medmenneske er Olav Duuns meisterverk om mennesket og maktene i oss, gode så vel som vonde. Mot den utemjelege Didrik står svigerdottera Ragnhild (Ameli Isungset Agbota), som vil sjå det gode i alle menneske, også Didrik. Mellom dei finn vi den veike ektemannen Håkon (Preben Hodneland), den gode, men underkua svigermora Tale (Sigrid Kandal Husjord) og den trassige, men døyande «Kvitugla» (Marianne Krogh).

I motsetning til sonen er Didrik full av idear og verketrong. Og som ein Trump vil han ha viljen sin i eitt og alt – også om det inneber å gå over lik, lyge, bløffe og svindle. Då han trugar sonen, må konfrontasjonen komme. Ei natt grip Ragnhild til øksa og drep Didrik. Lensmannen og alle andre trur det er ei ulykke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement