JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Eit kinderegg av ei
religionskritisk bok

Komikk og alvor pregar boka om ei radikal religionskritisk gruppe som kan hende er på veg mot solnedgangen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 1995 drog Stavanger og Sandnes lokallag med seg ein kross opp til Preikestolen og kasta han utfor stupet. Poenget var å markere tusenårsjubileet for kristendom i Noreg og seia at «tusen år er meir enn nok».

Foto: Andreas Heldal-Lund

6099
20200228
6099
20200228

Sakprosa

Even Gran:

Hedningsamfunnets historie. Et halvt århundre med rabalder

Humanist forlag

Det er vel ikkje rart om ein meldar undrar seg når han får denne boka i hendene. Ei bok om Hedningsamfunnet? Nokre få bråkmakarar som for det meste knapt er hugsa for ha hatt stand på Egertorget, gjerne iført djeveldrakter? Kor liten og sær – 600 medlemmer på det meste ­– kan ein organisasjon vera og likevel fortena ei bok?

Men nei. Her må ein heller spørja: Kor feil kan ein ta? For Hedningsamfunnets historie er litt av eit kinderegg: Boka kombinerer godlynt humor, og av og til stor komedie, med grundig historisk handverk og ikkje minst ein spanande gjennomgang av ei eller snarare to sentrale utviklingslinjer i nyare norsk historie.

Den eine linja går gjennom 1968, altså eit generelt ungdomsoppgjer mot gamal paternalisme. Det norske Hedningsamfunn (DnH) vart stifta i 1974 av nokre ressurssterke ungdomar med bakgrunn frå Forsøksgymnaset i Bærum: Kjetil Wiedswang, Terje Emberland, Audun Eckhoff og Knut Ås, etter kvart gode samfunnsstøtter. Nett som SUF, som vart til AKP(ml), ein ungdomsorganisasjon som braut med moderpartiet S av di det var for traust, representerte DnH om ikkje eit brot, så eit meir radikalt og ungdommeleg alternativ til Human-Etisk Forbund.

Sekularisering

Den andre linja er utviklinga i retning av sekularisering av samfunnet og redusert makt til den evangelisk-lutherske statskyrkja, som no ikkje lenger er statskyrkje. I 1950-åra var Noreg einfaldig monolittisk: éin konge, eitt arbeidarparti, eitt vinmonopol, éi kringkasting, éi statskyrkje. Alt dette hang saman. Arbeidarpartiet ville ha statskyrkje av di dei, ifølgje Erling Falk, såg på henne som tilsvarande eit statleg bordell, der staten kunne ha kontroll over religiøse kjensler som elles kunne utarta til tungetale. Eg hugsar med gru påskene: Alt stengt og frå NRK berre religiøse program og dårleg samvit for drapet på gudsonen.

Alternativet til dette var Human-Etisk Forbund, frå 1956, som rett nok var religions(kristendoms)kritisk, men vel så mykje oppteke av å byggja opp sitt eige godt borgarlege alternativ til kyrkja. Dei utvikla eigne ritual som «borgarleg» konfirmasjon og gravferdsritual. Ikkje minst var dei interesserte i å verta godkjende som seriøst livssynssamfunn med statleg finansiering.

Desse to utviklingslinjene kom altså saman i DnH, som ikkje berre ville sitja og venta på at den mørke kristendomen skulle kverva av seg sjølv, eller av å verta gjeve eit humanistisk alternativ. Heidningane ville aktivistisk invadera og lysa opp dei mørke krokane i kyrkja for å akselerera sekulariseringa. Her var det mykje å gripa fatt i, særlig i det gamle testamentet: Dei henta fram groteske bibelsitat som gav ei lite sympatisk inntrykk av den kristne guden.

Aktivisme

Og dei tok i bruk aktivistiske stunt. Det er i den grundige skildringa av desse at boka renn over av humor og komedie. Alt har vi ein film som viser kor komisk religion kan vera, nemleg Life of Brian, som i 1980 ufriviljug komisk vart forboden i Noreg. Mange av scenene i Hedningsamfunnets historie kunne ha vore brukte i ein norsk versjon av filmen. Særleg gjeld dette slutten av 70-åra, då då den fremste provokatøren i heidningsamfunnet, Arild Karlsen, var aktiv. Skildringa av slaget i Drammen, der Karlsen vart utsett for paraplyåtak av ei kristen kvinne, er i så måte eit høgdepunkt.

Her er det verdt å merka seg at mykje har endra seg sidan 30-årskrigen på 1600-talet. Heidningprovokatørane vart ikkje drepne av dei kristne. Åge Samuelsen og Aril Edvardsen kan ha knuffa borti Karlsen, men for det meste vart heidningane lova evig pine i helvete, ein overkommeleg trussel for ikkje-truande.

Men dei som har sett Life of Brian, vil hugsa at han inneheld to komediar – den eine utspelt i møtet mellom dei religiøse fanatikarane og Brian, den andre utspelt innanfor The People’s Front of Judea, ei lita motstandsgruppe som er ein parodi på nett slike sære 68-organisasjonar som DnH. Di mindre slike organisasjonar er, di meir utsette for indre konflikt er dei. Og at dette er ein liten organisasjon, viser seg i at han lenge var driven av éin familie, familien Eckhoff, der det tydelegvis ikkje er noko opprør mot paternalisme: Pappa Erik stiller bustad og hytte til full disposisjon for sine to aktivistiske søner, Audun og Dagfinn, der den siste, som 72-åring, no for fjerde gong er leiar.

Konfliktar

Boka gjer grundig greie for indre konfliktar mellom heidningane i DnH, som no har skifta namn til Ateistene. Det gjeld både usemje om taktikk og strategi og reine personkonfliktar. Eit komisk høgdepunkt her er skildringa av korleis den tidlegare leiaren Terje Sværd bør koma inn i Guinness rekordbok for ha vorte gjeve og tatt frå æresmedlemskap flest gonger: tre.

Eit viktig strategival er kva organisasjonen skal gjere med islam. Mange av medlemmane meiner at kampen mot kristendomen er vunnen. Den norske kyrkja har jo no stengt helvete og har vorte meir som ein vanleg frivillig organisasjon som slåst for innvandring og klima. Medan islamistar liknar kristne på 1600-talet. Problemet er som kjent at slike ikkje nøyer seg med å lova plass i helvete, men hjelper aktivt med reisepass dit. Her verkar det som at heidningane/ateistane har vist meir mot enn andre, til dømes i samband med karikaturstriden.

Forfattaren av boka, Even Gran, er noko pessimistisk når det gjeld framtidsutsiktene til Ateistene. Boka sluttar med spørsmålet om organisasjonen er i ferd med å ri inn i solnedgangen, ikkje minst ettersom medlemmene vert stadig eldre. Han skal elles ha ros ikkje berre for sjølve framstillinga av denne forteljinga, men òg for å vera førebiletleg tydeleg på eigen ståstad: Han høyrer heime hos humanetikarane, med distanse til aksjonsformene, men med sympati for religionskritikken.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka gjer grundig greie for indre konfliktar mellom heidningane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis