Eit irritert geni
Ein kan ikkje samanlikna terror og trafikkulykker, sjølv om Urix gjer nett det.
Genial, men her er Nassim Nicholas Taleb rotete og for sjølvoppteken.
Den gresk-ortodokse libanesaren Nassim Nicholas Taleb er eit geni, det kan ingen nekta for, men han er fyrst og fremst permanent irritert. Det er vanskeleg å seia kven som irriterer han mest, sunnimuslimar, terrorapologetar, Harvard-professoren og «journalisten» Steven Pinker eller Hillary «Monsanto» – som kan kallar henne – Clinton. Men om han har ein hovudbodskap, så er det kanskje at no må samfunnsvitarar, økonomar, journalistar og anna pakk læra seg skilnaden på gruppe og individ.
«Tenk deg», skriv Taleb, at hundre menneske, marknaden, går inn på eit kasino og gamblar. Statistisk sett går person nummer 28 bankerott, men det får ingen konsekvensar for nummer 29, som kan gambla vidare. Når alle har spelt frå seg, sit gjengen, marknaden, att med eit tap på rundt 1–2 prosent, sidan gambling er eit nullsumspel med avgift. Om dei same 100 hadde investert i aksjemarknaden, ville dei over tid truleg tena 5–6 prosent per år i gjennomsnitt.
Ingenting av dette gjeld for nummer 28, for han er konk, og det same kor mykje han er ein del av gjennomsnittet. Men fortel meklaren eller finansrådgjevaren som sel finansprodukt, dette til kundane? Nei. Anten av vond vilje eller av ukunne. Men det du må forstå, seier Taleb, er at det viktigaste her i livet ikkje er å få vinst, men å unngå konkurs. Difor skal du aldri prøva å få maksimal marknadsvinst om du ikkje har råd til å tapa. Kva hjelper det deg at den amerikanske børsen historisk har gjeve 7 prosent avkastning, om du ein dag går konkurs på grunn av for store tap på den amerikanske børsen?
Irrasjonelle menneske
Åtferdsøkonomar og -psykologar meiner å kunne prova at vi menneske er irrasjonelle når vi vurderer tap. Eksperiment viser nemleg at vi er nokså uviljuge til å satsa pengar på nesten sikker vinst. Ja, sjølv om risikoen for å tapa pengane berre er 1 prosent, syner forskinga, seier vi likevel nei. Om derimot risikoen for å tapa pengar på noko vi alt har investert i, berre er 1 prosent, ja, då er vi viljuge til å betala ganske mykje i forsikring for å unngå tapet. Til dømes vil dei færraste menneske nokon gong i livet totalkrasja ein dyr bil, men likevel betaler vi i dyre domar for å forsikre oss mot eit slikt tap. Økonomar flest hevdar at slik åtferd er irrasjonell. Taleb seier derimot at ho er høgst rasjonell. For det er summen av all risiko som avgjer om vi går konkurs eller ikkje. 1 prosent der og ein 1 prosent her vert etter kvart mykje risiko.
Difor: Ikkje høyr på alt pisspreiket om forventa og gjennomsnittleg avkastning og så og så låg risiko, seier Taleb. Og dessutan må du aldri, aldri høyre på ein som vil ha deg til å investera i noko utan at vedkomande sjølv har investert i det same, altså skin in the game. Den store helten til Taleb er Warren Buffett, eit av verdas rikaste menneske. Han driv eit investeringsfond som han sjølv har alle pengane sine i. Han har i alle år levert god avkasting for kundane. Buffett seier at berre den som overlever, kan investera.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.