Bok
Eit engasjert liv
Notata til sommarfuglforskaren Fritz Dörries har blitt til ein medrivande roman.
Roy Jacobsen har skrive roman saman med kona Anneliese Pitz.
Foto: Guri Pfeifer og Hans Petter Sørensen
«En ungdomsvenn spurte meg en gang hva som er sa° fascinerende med sommerfugler, de er da bare noen flagrende papirbiter, litt livløs konfetti?» Det er nettopp det dei ikkje var for tyske Fritz Dörries. Som fødd inn i ein kjend entomologfamilie, altså familie av insektforskarar, var han tidleg kjent med dei vakre og artsrike sommarfuglane og blei alt som fireåring djupt fascinert av ein sommarfugl (Parnassius nomion) som heldt til i Sibir. Då seier det seg sjølv at han som vaksen skulle tilbringe over 20 år i det enorme og ugjestmilde området.
Variert dyreliv
Det er ei eventyrleg forteljing om ei eventyrleg ferd. Bakgrunnen er at Randi Carelius Krogsveen kom til forfattar Roy Jacobsen med eit manus, handskrive av oldefaren Fritz Dörries. Her skildrar Dörries tida si som jeger, forskar og sommarfuglsamlar i Aust-Sibir i åra 1877–1899. Roy Jacobsen og kona Anneliese Pitz har omarbeidd stoffet til ein roman.
Fritz, og for det meste av tida også broren Henry, vigde livet sitt til å lage samlingar av dyr og insekt i Aust-Sibir, skrive rapportar og sende heim til europeiske museum. For å finansiere arbeidet skaut dei tiger, ulv og bjørn og selde skinnet og kraniet, eller dei selde dyr som sirkusdyr. Dei jakta òg på fasan, hjort og andre dyr som kunne etast. Dei støyter på villsvin og leopard. Dei studerer fuglar. Somme dyr skyt dei på grunn av forsking, andre flyttar inn i huset. Dei held hundar som er halvt ulvar. I ein kort periode sluttar ein tredje bror, Edmund, seg til dei. Med jamne mellomrom reiser dei heim med samlingane og rapportane, men dreg etter ei kort stund ut igjen.
Mens ein i dag kan gå av hektene over eit tog som er tjue minutt forseinka, kunne Dörries med brør og hjelpemannskap risikere å vente veker og månader på transport vidare frå Odessa, Vladivostok eller ei japansk hamn. Dei reiste til sjøs, til havs, til hest, til fots, og nokre gonger nokre hundre mil nedover ei elv. I dei iskalde vintrane kunne dei gå over isen. Dei fekk ta tida til hjelp. Men av og til hadde dei flaks: «Og om kvelden den andre dagen nådde vi øya Olkhon, derfra var det bare to hundre og nitti kilometer til jernbanestasjonen i Irkutsk.»
Oppdagartida
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.