Film
Ein ufatteleg rikdom i havet
Dette må vi ta vare på.
Stillbilete frå filmen til Eleanor Mortimer.
Foto: Sandbox Films
Medan regjeringa på statsbudsjettet vil løyve 165 millionar kroner til å leggje til rette for utvinning av sjeldne mineral på havbotnen, syner to Biff-filmar galskapen i dette prosjektet ved å ta oss med ned i havdjupet og openberre litt av dei ufattelege rikdomane som skjuler seg der.
Det er tale om eit nesten fullstendig uutforska økosystem som lever livet sitt i eit mørker der ingen skulle tru at det fanst liv, men der levande organismar skaper sitt eige lys gjennom prosessen som blir kallabioluminescens. Ved hjelp av kjemiske reaksjonar blir kjemisk energi gjord om til lysenergi. For første gong blir fenomenet «flash back» fanga på film, dette at djupvasskapningar responderer på lyssignal.
Ukjent liv
A Life Illuminated syner oss den fantastiske «stjernehimmelen» mange hundre meter under havoverflata. Marinbiologen Edith Widder, verdas kanskje fremste autoritet på dette fenomenet, meiner at flashbackeffekten kan ha avgjerande betydning for heile kloden, men at det står svært mykje att for å finne ut av dette.
Kanskje så mykje som 1,75 millionar skapningar på og over havbotnen er enno ikkje oppdaga eller identifiserte. I How Deep is Your Love går ein robot ned til 5000 meter for å utforske livet på botnen av Stillehavet. Parallelt går det føre seg ein internasjonal konferanse på Jamaica, der verdas statar skal semjast om korleis ein kan ta vare på havbotnen – noko dei ikkje maktar. Ikkje rart at filmregissøren blei nekta tilgang til forhandlingane!
Det paradoksale er jo at dei som vil drive mineralutvinning på botnen av havet, også er heilt avhengige av den kunnskapen forskinga kan hente fram. Men det hastar slik for dei som skal tene pengar på dette, at dei har ikkje tid til å vente på kva forskarane kan finne ut. Og tenk om dei skulle konkludere med det opplagde: at utvinning ikkje er i samsvar med å ta vare på den einaste kloten vi har?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.