Bok
Ein uendeleg versjon av omverda
Dikt som vart skrivne for over tretti år sidan, talar med fornya aktualitet.
Wislawa Szymborska fekk Nobelprisen i litteratur i 1996.
Foto: Czarek Sokolowski / AP / NTB
Den polske poeten Wisława Szymborska (1923-2012), som blei løna med nobelprisen i litteratur i 1996, har vore representert på norsk tidlegare. Ole Michael Selberg gjendikta ho i Utsikt med et sandkorn i 1996 og Christian Kjeldstrup stod for ei rik gjendikting i 2013. I Livet er den eneste måten gjendikta Kjeldstrup dei fire siste diktbøkene hennar, skrivne på 2000-talet, til norsk.
Agnes Banach utvidar med Slutten og begynnelsen tilfanget av Szymborskas dikt på norsk. Gjennom å plukke dikt som strekkjer seg frå debutboka fram til 1993, då Slutten og begynnelsen kom ut på polsk, får utvalet til Banach fram utviklingstrekk og motiviske konstantar i forfattarskapen. Når ein les dikta, ser ein at dei er rommar kollektive erfaringar frå siste halvdel i hundreåret, samt eit vell av historiske og kulturelle referansar.
Oppvakning
Szymborska sjølv var som mange andre polske intellektuelle fascinert av den sosialistiske ideologien, men då sovjetkommunismen ikkje såg ut til å skape eit betre samfunn, blei ho skuffa. Oppvakninga kan ein spore i dikta utover 1950-talet, ja, om det er mogleg å fiksere eit vedvarande punkt i diktinga hennar, er det eit kjenslevart og merksamt blikk for individet og kvardagslivet slik det trer fram i sitt kaotiske, motsetnadsfulle mangfald.
Sjølv om Szymborskas poetiske stil tilsynelatande er enkel og liketil og poeten turnerer og handterer tinga i den konkrete omverda, er ho likevel ein slags tankediktar, i den forstand at ho opponerer mot skiljelinene og dei faste kategoriane og i staden peikar på det moglege, jaktar på andre perspektiv, ofte gjennom ironiske vriar og paradoksale vers. Hierarkia, ideologiane, religionen og den klassiske kunsten er eit bakteppe for kvardagslivets og individets nødvendige forbehald, reservasjonar og fridom. Men her er korkje verdsfornekting eller hybris på individets vegner: «Jeg skjønner at mitt vemod / ikke hindrer at det blir grønt. / Og hvis et strå vakler / er det bare i vinden».
Undring og spørsmål
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.