Ein triumf for brukslyrikken
Alt skal bli forandra. Snart. er eit godt diktutval som burde appellere til mange.
Bruks- og kamplyrikken vert ofte skulda for å gi saka forrang framføre dei kunstnarlege omsyna, og difor vert han flat og kvalitativt dårleg. Det er ikkje med naudsyn sant. Diktet er ikkje tomt, det dreier seg, i varierande grad, om saker og ting og samfunn. Og diktet møter lesaren med eit anna språk og eit anna blikk enn det etablerte samfunnet gjer.
Levande tradisjon
Antologien Alt skal bli forandra. Snart., som inneheld 100 dikt, både gamle og nye, demonstrerer kor rik og mangfaldig den norske arbeidardiktinga er. Redaktørane Godal og Høghaug har leita fram dikt frå lyrikkhistoria som har ein tydeleg arbeidar- og kamphorisont. Her møter ein sjølvsagde namn, slike som Rudolf Nilsen, Per Sivle og Aasmund Olavsson Vinje, Kristofer Uppdal og Helene Ugland, men òg ei rekkje dikt og namn som kan hende ikkje er fullt så sjølvsagde i denne samanhengen. Og ikkje minst får gløymde lyrikarar her kasta nytt lys på seg. Antologien har også komplettert arbeidardiktinga med ferske tilskot frå samtidslyrikken og syner slik at arbeidardiktinga framleis er ein levande tradisjon.
Dikta i antologien vert ikkje ståande som sterile døme på arbeidarlyrikk. I antologiens rammer talar dikta med – og utdjupar – kvarandre, også over ganske store tidsrom. Boka er inndelt i ni bolkar, der kvar bolk sirklar rundt eit tema, til dømes kvinnekamp, fattigdom eller solidaritet.
Lesegleder
Lyrikk som opphavleg har vore skrive i andre samanhengar, kan få forsterka dei slumrande draga av kamp, motstand og solidaritet når dei vert sette inn i den eksplisitte arbeidarlitterære samanhengen. Det gjeld for dikta til Olav H. Hauge, Tarjei Vesaas og Einar Skjæraasen. Det er frigjerande at redaktørane ikkje har styrt utvalet ut frå ein reinhekla ideologisk eller lyrisk purisme. Slik finn ein her både songar og Don Martins raptekstar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.