Ein tidleg dekorativ art deco-målar
Munchmuseet viser oss den «franske» Per Krohg, før han kom heim att.
Per Krohg: «Dame mot hvelvet bakgrunn», 1919 (olje på lerret)
Alle foto: Kunsthall Oslo
Dreg du ei rett line frå det gamle Munchmuseet på Tøyen til det nye i Bjørvika, finn du midt imellom dei Kunsthall Oslo. Munchmuseet brukar det som mellombels flyttestasjon før opninga i 2020, eit prosjekt som vert kalla «Munchmuseet i bevegelse», med sikte på å integrera Stenersen-samlinga i det nye museet.
Denne utstillinga spesielt relevant for sjølve Munch-samlinga ettersom Per Krohg (1889–1965) både kjende Munch og var kunstnar i den same perioden. Dessutan var Munch, før det, med i same bohemgjeng som foreldra til Per Krohg, Christian og Oda Krohg, båe kunstnarar, noko som gjorde at Munch vart gudfar for han.
Vedunderbarn
Per var eit vedunderbarn som kom til Paris som åtteåring saman med foreldra sine. Han debuterte i Christiania Kunstforening som femtenåring i 1904. I Paris levde han midt i smørauget til det modernistiske gjennombrotet, som elev av Matisse og inspirert vitne til Picasso og fauvismen, kubismen, futurismen, dadaismen et cetera, og med tilhald på Montparnasse, etter kvart saman med kona si, franske Lucy, mor til Guy Krohg. I Frankrike var Per Krohg på denne tida den mest kjende norske kunstnaren nest etter Munch, representert på sentrale utstillingar i Paris. På vitjing i Noreg var han meir kjend for å opptre, saman med kona, på revyscena til tanta si, Bokken Lasson. Ein seinare son er Morten Krohg, òg kunstnar. Her har det vore eit stort kunstnarleg gennettverk.
Soloutstilling
Per Krohg og den franske impulsen, med nokre og tjue bilete, dekkjer perioden fram til etter første verdskrigen, før Per Krohg reiste heim i 1930, tvinga av økonomiske nedgangstider i Europa, for å etablera seg som norsk målar. I Paris hadde han ikkje måla norske fjell og kyr, så utstillinga viser oss ein utanlandsk, fransk målar som i dag er komen i skuggen av det han er mest kjend for, nemleg dei store dekorative freskomåleria i Oslo rådhus, Sjømannskulen, Kunstnernes Hus og ikkje minst i tryggingsrådssalen i SN. Særleg i Oslo Rådhus er det mykje norsk: både kyr og hestar og tømmerhoggarar og trerøter. Men han gjorde seg òg norsk ved å illustrera Asbjørnsen og Moe-eventyr, om enn på eit meir karikerande humoristisk vis enn det var gjort før, ikkje ulikt dei burleske teikningane han gjorde i norske aviser.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.