Teater
Ein suveren presentasjon
Eit djupt deprimerande møte med folk i Donald Trump-land.
Kate Pendry er dramatikar og performancekunstnar.
Foto: Siri Gussiås Nerland / Cornerteateret
Den britisk-norske skodespelaren, dramatikaren og performancekunstnaren Kate Pendry, som har hatt Noreg som base for kunstnarskapen sin dei siste tiåra, er særleg kjend for dei sceniske monologane sine.
Og Kentucky Daze er nok eit døme på kva denne kunstnaren er i stand til å skape utan ytre hjelp.
Uverkeleg verd
Liberale Pendry tek oss med til republikanarstaten Kentucky og skildrar eit opphald ho hadde der nokre veker før det amerikanske presidentvalet i 2024 – eigne observasjonar, samtalar med Maga-folk, ein Ku Klux Klan-fanatikar og andre med politiske meiningar, fleire av dei enkle menneske som er visse på at landet står framfor ein krig som Barack Obama, Hillary Clinton og Kamala Harris er skuld i.
Som den suverene formidlaren ho er, maktar Pendry i løpet av fem kvarter å ta oss inn i ei verd som kjennest uverkeleg, med ein djupt splitta nasjon der kulturkrig kan bli følgd av borgarkrig, medan vanlege borgarar ikkje skjønar kva som skjer, og ikkje veit kva dei skal gjere. Ein nasjon der løgn og manipulasjon gjer dag til natt og sanning til det motsette.
Overlegen ro
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.