Éin rett og éin feil

John Lewis Gaddis har skrive ein fabelaktig biografi om George Kennan og ei elendig bok om strategi. Moralen er at historikarar bør verta ved leisten.

Tidlegare ambassadør George F. Kennan då han vitna for utanrikskomiteen i Senatet i 1990.
Tidlegare ambassadør George F. Kennan då han vitna for utanrikskomiteen i Senatet i 1990.
Publisert

Sakprosa

Gamle flammar og forelskingar bør ein ikkje oppsøkja. Det fører som regel berre til utruskap og sorg. Underskrivne hadde ei stor interesse som student: USA og den kalde krigen. Det var ein arv frå farfar, som hadde vore med i fyrste verdskrigen som amerikansk statsborgar, og far, som var i Tysklands-brigaden. Dei var, for å seia det slik, særs USA-venlege og konservative. Det vart eg òg: Eg enda med å skriva ei lang og uleseleg hovudoppgåve om Eisenhowers Kina-politikk etter eit lengre USA-opphald.

Studentar plar skaffa seg heltar. Eg hadde to, historikarane George Kennan og John Lewis Gaddis. Kennan var fyrst diplomat, han leidde mellom anna Policy Planning Staff i det amerikanske utanriksdepartementet og var ambassadør i Moskva, før han vart professor ved Princeton. Då Kennan var nestleiar ved ambassaden i Moskva, sende han i 1946 det såkalla «lange telegrammet» til Washington, eit telegram som seinare vart trykt i Foreign Affairs under forfattarnamnet X. Telegrammet var på 8000 ord og er eit meisterstykke i strategi. Kennan sa at det var umogleg å ha nokon som helst slags tillit til Stalin og Sovjetunionen. Sovjet og Russland var baserte på ein konspirasjon som Stalin alltid prøvde å utvida. Men USA burde aldri gå til direkte åtak på Sovjet, sa Kennan, dei burde i staden danna alliansar verda over og innføra det som vart kjent under namnet oppdemmingspolitikk. Kennan var far til Truman-doktrinen, som vart vedteken i 1947 på grunn av Stalins støtte til dei greske kommunistane.

Postrevisjonist

Då eg studerte, var Gaddis, som no er professor ved Yale, på si side kjend som ein såkalla postrevisjonist, eit omgrep han sjølv hadde funne på. Den mest kjende boka hans var Strategies of Containment frå 1982. Dei fyrste historikarane som skreiv om den kalde krigen, kalla Gaddis tradisjonalistar. Desse la skulda på Stalin for den kalde krigen.

Under Vietnamkrigen dukka så 68-arane opp. Dei la skulda på USA og hevda at Stalin hadde legitime interesser og laga ein buffer rundt Sovjet av di Truman og USA var så aggressive.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement