JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Éin rett og éin feil

John Lewis Gaddis har skrive ein fabelaktig biografi om George Kennan og ei elendig bok om strategi. Moralen er at historikarar bør verta ved leisten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tidlegare ambassadør George F. Kennan då han vitna for utanrikskomiteen i Senatet i 1990.

Foto: AP / NTB scanpix

6506
20190208
6506
20190208

Biografi

John Lewis Gaddis:

George F. Kennan: An American Life

Penguin, New York 2011

Sakprosa

John Lewis Gaddis:

On Grand Strategy

Penguin, New York 2018

Gamle flammar og forelskingar bør ein ikkje oppsøkja. Det fører som regel berre til utruskap og sorg. Underskrivne hadde ei stor interesse som student: USA og den kalde krigen. Det var ein arv frå farfar, som hadde vore med i fyrste verdskrigen som amerikansk statsborgar, og far, som var i Tysklands-brigaden. Dei var, for å seia det slik, særs USA-venlege og konservative. Det vart eg òg: Eg enda med å skriva ei lang og uleseleg hovudoppgåve om Eisenhowers Kina-politikk etter eit lengre USA-opphald.

Studentar plar skaffa seg heltar. Eg hadde to, historikarane George Kennan og John Lewis Gaddis. Kennan var fyrst diplomat, han leidde mellom anna Policy Planning Staff i det amerikanske utanriksdepartementet og var ambassadør i Moskva, før han vart professor ved Princeton. Då Kennan var nestleiar ved ambassaden i Moskva, sende han i 1946 det såkalla «lange telegrammet» til Washington, eit telegram som seinare vart trykt i Foreign Affairs under forfattarnamnet X. Telegrammet var på 8000 ord og er eit meisterstykke i strategi. Kennan sa at det var umogleg å ha nokon som helst slags tillit til Stalin og Sovjetunionen. Sovjet og Russland var baserte på ein konspirasjon som Stalin alltid prøvde å utvida. Men USA burde aldri gå til direkte åtak på Sovjet, sa Kennan, dei burde i staden danna alliansar verda over og innføra det som vart kjent under namnet oppdemmingspolitikk. Kennan var far til Truman-doktrinen, som vart vedteken i 1947 på grunn av Stalins støtte til dei greske kommunistane.

Postrevisjonist

Då eg studerte, var Gaddis, som no er professor ved Yale, på si side kjend som ein såkalla postrevisjonist, eit omgrep han sjølv hadde funne på. Den mest kjende boka hans var Strategies of Containment frå 1982. Dei fyrste historikarane som skreiv om den kalde krigen, kalla Gaddis tradisjonalistar. Desse la skulda på Stalin for den kalde krigen.

Under Vietnamkrigen dukka så 68-arane opp. Dei la skulda på USA og hevda at Stalin hadde legitime interesser og laga ein buffer rundt Sovjet av di Truman og USA var så aggressive.

Gaddis hevda at han stod for ein syntese av desse to og skreiv «nøytralt» om legitime interesser for båe sider. Men det var berre tøv, meinte eg som student. Gaddis hadde ein stor helt, og det var Kennan, som hadde heilt rett i at Stalin var ein paranoid psykopat. Og i den tradisjonen skreiv Gaddis, meinte eg. Ettertida har då også synt at Gaddis var ein konservativ tradisjonalist. Han skreiv mellom anna fleire talar for Bush junior og er i dag god ven med ekspresidenten, som har vorte kunstmålar etter råd frå Gaddis om at han burde taka etter Winston Churchill.

Gåverike skribentar

Dette vart ei lang innleiing, men felles for dei to var at dei skreiv særs godt. Dessutan var dei gode vener. Dei hadde ein avtale om at Gaddis skulle skriva Kennans biografi når Kennan døydde. Den avtalen varte og rakk, det gjekk over 30 år før Kennan døydde i 2005, 101 år gamal. Studentane til Gaddis vedda faktisk om kven av dei to som ville døy fyrst. Prosjektet har fødd to bøker frå Gaddis’ side: On Grand Strategy, som kom i fjor, og biografien George F. Kennan: An American Life, som er dedisert til Kristiansand-dama Anne Lise Sørensen. Ho var gift med Kennan og vart 98 år. Kennan var eit flogvit i språk og snakka flytande tysk, fransk, russisk og norsk med sørlandsaksent. Kvart år var han på Sørlandet og segla. Han elska Noreg og den sosialdemokratiske modellen. Ein digresjon her er at eg møtte Gaddis som student. Gaddis var særs triveleg og sa at han kunne fiksa eit møte med Kennan for meg. Eg takka nei, og det angrar eg framleis på.

Og her kjem problemet med gamal kjærleik inn. Eg vart delvis skuffa. On Grand Strategy er ei oppsamling av førelesingar som Gaddis har halde i nær 50 år for amerikanske offiserskadettar og den amerikanske generalstaben. Boka har ein bodskap: Ein stor strateg må alltid tilpassa måla til midla. Han låner det no noko klisjéprega biletet frå Isaiah Berlin om reven og piggsvinet. Reven har mange utgangar og strategiar, piggsvinet rullar seg saman og har det som einaste strategi i møte med fienden. Gaddis seier at det er best å vera ein kombinasjon av desse to. Om du har ein stor idé, kan du berre gjennomføra han om du har ei mengd ulike strategiar som tilpassar seg omstenda og midla. Og dette viser han gjennom ei rekkje store menn i soga heilt frå persarane og fram til i dag. Kven visste ikkje det frå før?

Boka har i grunnen berre eitt godt parti: Det er når han skriv om då han fekk Vietnam-veteranane til å opna seg då han fortalde dei at USA tapte av di dei ikkje visste kva dei ville i Vietnam. Det er eit rørande parti. Resten er berre ei endelaus oppramsing der Gaddis får vist at han er danna og ein trufast elev av Kennan.

Kjeldenært er bra

Biografien er derimot fabelaktig. Gaddis er der særs kjeldenær, samstundes som han får fram samanhengen Kennan arbeidde i. Kennan var eit djupt plaga menneske som hadde sine danningsår i mellomkrigstida i Berlin og Moskva, difor vart han òg djupt pessimistisk og ei tid svært antidemokratisk. Han meinte mellom anna ei tid at svarte og kvinner ikkje burde ha røysterett, og at USA burde styrast etter ein slags platonisk modell. Dette kom han til av di USA lenge ikkje såg ut til å vera i stand til å tilby ein velferdsstat eller demma opp for Tyskland og Sovjet. Sentralmakta var for svak og mange veljarar for dumme. Biografien er på ingen måte ein hagiografi. Gaddis riv ned ein helt, noko som under lesing fylte meg med sorg. Eg visste ikkje kor udemokratisk og utru Kennan var. Det er kona til Kennan som står att som det store mennesket. Ho tolte etter mitt syn altfor mykje for at mannen skulle bløma. Men du og du for ein intelligent ektemann ho hadde.

Elles er det igjen fascinerande å sjå kor gode dei beste historikarane er når dei skriv kjeldenært og vert tvinga til å halda seg til saka, og kor dårlege dei same historikarane kan vera når dei skal skriva om store, luftige tankar.

Kjøp biografien, ignorer boka om strategi.

Jon Hustad

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kennan meinte mellom anna ei tid at svarte og kvinner ikkje burde ha røysterett, og at USA burde styrast etter ein slags platonisk modell.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Aasen-tunet opna i 2000.

Aasen-tunet opna i 2000.

Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet

Ordskifte

Spor av tid i arkitekturen

«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»

Ottar Grepstad

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis