Teater
Ein mann vi ikkje bør gløyme
Om korleis positive tankar kombinert med fatale feilvurderingar kan føre heilt gale av stad.
Kyrre Eikås Ottersen spelar alle rollene i stykket om B. Dybwad Brochmann.
Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen
Han meinte vel og tenkte rett, men vurderte taktisk fatalt feil. No er landssviksaka mot forfattaren, samfunnskritikaren, systemkritikaren, avisutgivaren, samfunnsøkonomen, stiftaren av Samfundspartiet og stortingsmannen Bertram Dybwad Brochmann (1881–1956) blitt teater. Ved hjelp av stenografiske referat, rettsdokument og Brochmanns eigne notat og talar har Torkil Sandsund skapt eit bilete av ein original tenkjar og idealist som aldri følgde straumen og heile tida heldt på sitt. Men Sandsund skulle ha slanka teksten kraftig; no blei det lange talar og unødvendig mykje ord.
Relevant og rett
Lenge har Brochmann hatt noko som minner om tabustatus. Men nettopp i urolege tider som desse har han noko å seie oss, med sine tankar om korleis kapitalismen, med sitt uendelege krav til vekst, også kan gi grunnlag for krig. Byrjande handelskrig og sanksjonar, som ikkje er ukjent i dag, kunne utløyse «økonomisk selvantennelse», meinte han.
Men Brochmann kunne bli einøygd og naiv, og det gav seg øydeleggjande utslag i byrjinga av okkupasjonen. I 1937 hadde han skrive brev til Hitler, der bodskapen var at «den sterkes rett er ikke våpenbrukets rett, men åndsmaktens og den positive ydelses rett». Han meinte at berre ein revolusjon kunne bringe verda på rett kurs.
Men det katastrofale var at han i 1940 i uforståeleg blindskap trudde Hitler kunne overtalast til å endre politikken sin i sivilisert retning og såleis bli mannen som gjennomførte den ønskte verdsrevolusjonen. I NRK oppmoda han nordmenn til å samarbeide med tyskarane, og han bad landsmennene sine stille seg på «livets og utviklingens side» og hjelpe Hitler til å gjennomføre «revolusjonen og reformasjonen». At han også heldt eit knusande oppgjer med Nygaardsvold-regjeringa, som han meinte hadde svikta land og folk ved å flykte til London, styrkte nok ikkje saka hans.
Ville bli forstått
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.