JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Ein mann utan grenser

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
DET FØRSTE. «Vangsgutane» gjorde truleg Leif Halse til den mest lesne nynorskforfattaren på 1900-talet. Hallvard Sandnes og Jostein Øvrelid skapte «Ingeniør Knut Berg på eventyr», og første heftet kom i 1943.

Foto: Fonna Forlag

2638
20230303
2638
20230303

Hans Aarnes (56) skipa Fonna Forlag i det okkuperte Noreg. Første utgivinga var hans eiga omsetjing av Grunnlova til nynorsk. Det blei nytt opplag i 1945.

Forlagsnamnet var bygdenamnet på heimegarden på Sunnmøre. Forlaget skulle skaffe lesestoff og bruksbøker på nynorsk for store målgrupper. Til og med 2021 var det blitt 408 bøker, 67 årgangar av vekeblad, julehefte og årbøker og 124 teikneseriehefte. Tre av fire bøker var skjønnlitterære. Fonna dreiv også eigen bokhandel i Oslo 1942–77 og dotterselskapet Fonna Publishing Inc. i USA 1956–59.

Aarnes lærte seg nynorsk då han som 12-åring las romanen Brite-Per av Jens Tvedt. Han utdanna seg som kystskipper, men gjennom 50 år skreiv, redigerte og publiserte han aviser, blad og bøker i Molde, Ålesund, Bergen, Kristiansand, Skien og Oslo. Sjølv skreiv han over 30 bøker og småskrifter.

Han hadde det med å skipe institusjonar. Norsk Bladmannalag i 1913, Norsk Pressekontor i 1918, Bladmannaskulen i 1919, Nynorsk Vekeblad i 1933 og Fonna Forlag i 1940. Tidleg i 1950-åra reiste han landet rundt og gav seg sjølv æra for 200 nye mållag.

Nynorsk Vekeblad kom ut regelmessig 1934–54 og var den viktigaste grunnen til at Aarnes skipa Fonna Forlag. På det meste, i 1945, var opplaget vel 32.000 eksemplar.

Aarnes kryssa gjerne grensa til framtida med norske alternativ til amerikansk kulturindustri. Som ei bygdenorsk og positiv motvekt til Knoll og Tott skapte Leif Halse og Jens R. Nilssen Vangsgutane frå hausten 1940. Eit halvt år seinare kom dei første stripene av Hallvard Sandnes (Vigleik Vikli) og Jostein Øvrelid (Ronald Stone) i science fiction-serien Knut Berg på eventyr. Den var eit norsk svar på Lyn Gordon.

Hausten 1941 sette han på trykk «Ny fedrelandssong» av Bjarne Slapgard i Nynorsk Vekeblad: «Men april kom atter med bitande snjo/ og frostnatta takka for sist». Kom det meir slikt, blei redaktøren arrestert, sa sensuren. Redaktøren trykte meir.

Okkupasjonsmakta arresterte tre medarbeidarar som til saman var fengsla i seks månader. Redaksjonssekretær Bergitt Villesvik sat på Møllergata 19 i Oslo, læraren Leif Halse på Ørland og Falstad, og Hallvard Sandnes var på Grini. Både Halse og Sandnes skal ha smugla ut manuskript til Fonna.

Som forleggjar søkte Aarnes mest mot underhaldning og populærkultur. Ideen om Norsk Allkunnebok var han med og utvikla i 1919. Denne viktigaste utgivinga knekte forlaget, men Villesvik berga det som bergast kunne. Då kystskipperen runda 70 år, sa han: «Å tene pengar på nynorsken har gjerne vore om lag like lett som å livberge seg på eit svaberg.»

Ottar Grepstad

Neste veke: Boktrykkjar med romanbibliotek

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis