Teater
Ein latinamerikansk folkefiende
Eit stykke som er like aktuelt i alle delar av verda.
Det er alltid interessant å sjå korleis teater frå andre verdsdelar tek føre seg Ibsens samtidsdrama, og i Latin-Amerika er det jo slik at du i somme land finn folkefiendar i den øvste statsleiinga, som til dømes Nicolás Maduro i Venezuela.
Dr. Stockmann har sett sanninga, og ho gjer han kompromisslaus: Den heile og fulle avsløringa av dei farlege forholda ved det kommunale badet må fram i dagen, og det straks. Slike haldningar gjer ein til folkefiende når sanninga kan føre til ruin for eit lite bysamfunn. Derfor er det også interessant at kona til Stockmann, som hos Ibsen står ved sida hans, i denne versjonen seier takk for seg, tek med den nyfødde ungen deira og stikk (fordi ho har arva aksjar som blir verdlause på grunn av avsløringa).
Er det noko framsyninga viser, er det at det er like lett å bli fanga av sanninga som av ei løgn. Det er vel derfor heile spelet går føre seg i noko som ser ut som eit bur med sprinklar. Innanfor dette vesle og klart avgrensa spelerommet får vi ei utgåve av ein tekst som framleis har mykje å seie oss. Når vi høyrer replikkar som «I et fritt samfunn er sannhet makt», får det ein annan klang mot eit geopolitisk anna bakteppe enn det norske.
Framsyninga opnar med kor skadeleg det er når løgner får styre samfunnet, eit tydeleg stikk til både den eine og den andre, og ho toppar seg i det store folkemøtet, der hovudpersonen – noko fritt etter Ibsen – rasar mot inkompetente politikarar som stel og berre tenkjer på sitt eige beste og ikkje på fellesskapen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.