Teater
Ein klassikar med nye djupner
Ei vakker og teksttru tolking av Tarjei Vesaas’ «folkebok».
Rune Storsæther Løding (i midten) spelar hovudrolla som Tusten. Anne Elisabeth Kokkin spelar søstera Hege, og tømmerhoggaren Jørgen vert spelt av Per Bogstad Gulliksen.
Foto: Anne Gundersen
Det er sjeldan vi opplever ein så stilsikker regidebut som Bård Lie Thorbjørnsen leverer med denne versjonen av Vesaas-klassikaren Fuglane. Men så har jo Thorbjørnsen teateret i blodet, den anerkjende scenografen har mellom anna vunne Heddaprisen to gonger for scenografien sin.
Teksttru
Igjen ser vi at teksttruskap ikkje er noko hinder for å skape godt teater. Dramatiseringa er i stor grad gjort med auge og øyre for Vesaas’ roman, og Ragnar Olsen er ein meister i å skape nordnorsk språkbunad. I framsyninga har Thorbjørnsen lagt inn eit svært vellukka grep: Han har knytt til seg Rolf-Erik Nystrøm som komponist og som spelande saksofonist i sjølve framsyninga. Samtidsmusikk og improvisasjon er hans spesiale, og med sine abstrakte, ofte dissonante, tonar skaper han naturlydar og «mentale» bilete. Slik blir musikken eit bindeledd mellom menneskeverda, som hovudpersonen aldri finn seg til rette i, og naturverda, der han kjenner seg meir heime. Saman med Johan Haugens gjennomtenkte lysbruk gir dette framsyninga ein heilt eigen kvalitet.
Mattis, eller Tusten, (Rune Storsæther Løding) er ikkje som dei andre, han er ikkje så «skarp». Han veit det sjølv, men krev respekt for den han er. Søstera Hege (Anne Elisabeth Kokkinn) vil at broren skal gjere nytte for seg, få arbeid på ein gard og bidra til det fattigslege hushaldet. Men «alt vart berre tull».
Då eit rugdetrekk fer over huset, merkar Mattis ei samkjensle med fuglane. Han forstår seg på naturen og trur han kan kommunisere med fuglane, som lover han «uendeleg venskap».
Så set Hege han til ferjemann over vatnet, sjølv om ho veit at det er ingen å ro. Men alt første dagen får han ein passasjer, tømmerhoggaren Jørgen (Per Bogstad Gulliksen), som Mattis bed inn til å overnatte hos dei. Det han ikkje veit, er at han den dagen har ferja over si eiga ulukke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.