Teater

Ein ikkje heilt vellukka debut

Terminus er ei framsyning der teksten gjer sterkare inntrykk enn musikken.

Uteliggjaren Lola (Eli Kristin Hanssveen) vaknar opp «i baronens seng».
Publisert Sist oppdatert

Det er spesielt og løfterikt at Den Norske Opera & Ballett, Bergen Nasjonale Opera og Trondheim Symfoniorkester & Opera går saman om å tinge tre nyskrivne kammeroperaar, som alle skal turnere mellom dei tre byane. Forventningane var store til samarbeidet mellom Marit Eikemo og Therese Ulvo, som båe er debutantar på operafeltet, men godt etablerte innan kvart sitt fag. Resultatet blei likevel ikkje heilt som ein kunne vone.

Terminus byrjar som ein variant av scenen i baronens seng i Holbergs Jeppe på Bjerget, sett inn i ei ramme av pest. Lola (Eli Kristin Hanssveen, sopran), ei kvinne i eit uteliggjarmiljø, svimar av. Så vaknar ho opp i ei vakker, rosa seng, til ei oppvarting som berre dei rike får, og med eigen influensarkonto på Instagram. Er ho komen i himmelen? Men kvifor er ho då åleine? Og er det pandemien som har råka henne og omgivnadene hennar?

Mange spørsmål, men få svar. Her ligg òg ein veikskap ved librettoen, som elles er språkleg spenstig og poengtert. Holberg lar oss få vite kvifor baronen gjer som han gjer med Jeppe; motivasjonen for å plassere ein uteliggjar på silkeseng og gjere henne til influensaren «lovely Lola» er ikkje like klar. Framsyninga tek opp tema som kor dårleg vi steller med dei svakaste i samfunnet, utanforskap, handteringa av pandemien, galskapen med sosiale medium og det forbodne begjæret. Her er både humor, satire og alvor, ikkje minst når hotelldirektøren (Magnus Staveland, tenor) kjem inn i biletet og forelskar seg i Lola. Men delane heng ikkje heilt i hop.

På utsida av hotellet gjer pandemien seg gjeldande, og ein noko karikert politikar (Tone Kummervold, mezzosopran) freistar roe ned dei desperate uteliggjarane, som kjenner seg svikne av storsamfunnet.

Musikken til Therese Ulvo er i periodar merkeleg anonym, utan rørslene teksten inviterer til, og utan å underbyggje tematikken på tydeleg vis. Eg opplevde tonane som (for) mykje av det same, meir stilleståande enn vi har lov til å vente frå ein allsidig komponist som henne. Det er som om ho ikkje heilt «speler med».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement