Bok
Ein aldri fullført sirkel
Dikta til Glück er tilgjengelege og gir meining med ein gong, samstundes som dei er gåtefulle, laga slik at dei ikkje lèt seg uttømme for meining.
Louise Glück fekk Nobelprisen i litteratur i 2020.
Foto: Katherine Wolkoff
Tonen i desse dikta frå nobelprisvinnaren Louise Glück er underleg. Dikta, som kom på engelsk i 2021, faldar liksom ut små, realistiske forteljingar og episodar, men brått skyv dei seg inn i eit draumeliknande, tidlaust landskap. Det er som om kvardagen som er så sterkt til stades i dikta, blir rykt ut og inn i det mytiske, inn i fabelen, inn i ei anna tidsforståing der barndom, arkaisk tid og notid glir over i kvarandre og vert samla til eit særeige uttrykk som vil lesarane noko.
Dikta er tilgjengelege, dei gir meining med ein gong, men dei er òg gåtefulle, mirakuløse, løyndomsfulle, laga slik at dei ikkje lèt seg uttømme for meining. Ein kan få assosiasjonar til austlege visdomsbøker à la Tao te ching, som også vert referert til i diktet «Fornektelse av døden», då som Daodejing (Boka om vegen og dygda).
I forlenginga av tittelen, Vinteroppskrifter fra kollektivet, er kjøkkenet, maten, ernæringa, livsvilkåra – men også skåla, fatet, potta, karet, innsjøen – vesentlege element i desse dikta. I skåla ligg den samlande og bydande gesten, som også desse dikta har, og som alltid er vend mot noko anna, og som peikar på det som er større enn eget, nemleg kollektivet. Også den skålforma himmelkvelvingen som ein anar i det første diktet, og som held oss samla, gir lesaren ei kjensle av at den rettlinja tidsvegen vert bøygd og krumma, attende i seg sjølv – ein aldri fullført sirkel vert antyda: «Kom, sa han og tok meg i armen. Og vi/ begynte å gå rundt innsjøen, slik jeg hadde for vane å gjøre hver dag.»
I dikta til Glück er det eit aldrande lyrisk eg som freistar å førebu seg på slutten ved å søkje i eige liv og i omgivnadane. Tvert om er det ikkje nokon ende som openberrar seg hos Glück, snarare nye byrjingar: «Det er derfor vi leter etter kjærligheten./ Vi leter etter den hele livet/ selv etter at vi har funnet den.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.