JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein aldri fullført sirkel

Dikta til Glück er tilgjengelege og gir meining med ein gong, samstundes som dei er gåtefulle, laga slik at dei ikkje lèt seg uttømme for meining.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Louise Glück fekk Nobelprisen i litteratur i 2020.

Foto: Katherine Wolkoff

3017
20220819
3017
20220819

Dikt

Louise Glück:

Vinteroppskrifter fra kollektivet

Gjendikta av Ingvild Burkey
Oktober

Tonen i desse dikta frå nobelprisvinnaren Louise Glück er underleg. Dikta, som kom på engelsk i 2021, faldar liksom ut små, realistiske forteljingar og episodar, men brått skyv dei seg inn i eit draumeliknande, tidlaust landskap. Det er som om kvardagen som er så sterkt til stades i dikta, blir rykt ut og inn i det mytiske, inn i fabelen, inn i ei anna tidsforståing der barndom, arkaisk tid og notid glir over i kvarandre og vert samla til eit særeige uttrykk som vil lesarane noko.

Dikta er tilgjengelege, dei gir meining med ein gong, men dei er òg gåtefulle, mirakuløse, løyndomsfulle, laga slik at dei ikkje lèt seg uttømme for meining. Ein kan få assosiasjonar til austlege visdomsbøker à la Tao te ching, som også vert referert til i diktet «Fornektelse av døden», då som Daodejing (Boka om vegen og dygda).

I forlenginga av tittelen, Vinteroppskrifter fra kollektivet, er kjøkkenet, maten, ernæringa, livsvilkåra – men også skåla, fatet, potta, karet, innsjøen – vesentlege element i desse dikta. I skåla ligg den samlande og bydande gesten, som også desse dikta har, og som alltid er vend mot noko anna, og som peikar på det som er større enn eget, nemleg kollektivet. Også den skålforma himmelkvelvingen som ein anar i det første diktet, og som held oss samla, gir lesaren ei kjensle av at den rettlinja tidsvegen vert bøygd og krumma, attende i seg sjølv – ein aldri fullført sirkel vert antyda: «Kom, sa han og tok meg i armen. Og vi/ begynte å gå rundt innsjøen, slik jeg hadde for vane å gjøre hver dag.»

I dikta til Glück er det eit aldrande lyrisk eg som freistar å førebu seg på slutten ved å søkje i eige liv og i omgivnadane. Tvert om er det ikkje nokon ende som openberrar seg hos Glück, snarare nye byrjingar: «Det er derfor vi leter etter kjærligheten./ Vi leter etter den hele livet/ selv etter at vi har funnet den.»

Det er ei tenkjande ro og noko djupt ope i desse dikttekstane som inviterer og vedkjem ein som lesar. Dikta legg vekt på og reflekterer over det gjentakande, rutinane, det kvardagslege livet, som så å seie fører ein inn i transen og over i noko anna: «Jeg sier en måned, men egentlig hadde jeg ingen anelse om tid./ Ryddegutten forsvant. En ny ryddegutt kom til, og så enda en til, tror jeg.» På same vis er det i diktboka, ein kjem til tekststadar som ein kan dvele ved, som ein går attende til utan at ein maktar å bli ferdig med dei. Om lag slik ein vender attende til matskåla, kvar dag. Eg har ikkje noko å utsetje på gjendiktinga til Ingvild Burkey. Eg synest Glück har fått ei norsk språkdrakt som i det heile fungerer godt.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ei
tenkjande ro og noko djupt ope
i desse dikt­tekstane som inviterer og vedkjem ein som lesar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis