Bok
Ei uromantisk bondeforteljing
Kathrine Kinn skriv utan romantikk, men med eit fjellbeite av kjærleik, om ein brutal bondekvardag.
Kathrine Kinn driv 15 gardar i Telelmark saman med ektemannen Gunleik Mæland.
Foto: Even Lundefaret
Kathrine Kinn er byjenta med mastergrad i sosiologi som vart gardbrukar på ein bratt, tungdriven gard i Telemark. Når ho no har gjeve den fyrste boka si tittelen En bondefortelling. Om livet på en liten gård og framtida for norsk jordbruk, kunne ein sett føre seg ei søt forteljing om kalvar og grønt gras og sunt kroppsarbeid. Alle dei tre delane er for så vidt med, men søt er likevel ikkje ordet eg vil bruke for å skildre ho.
Dei av oss som har følgt Kinn på Instagram dei siste åra, veit at ho har ei eiga evne til å kombinere nasjonalromantiske og idylliske bilete med dønn realistiske, ja, til tider dystre, tekstar frå bondekvardagslivet.
I En bondefortelling er det ingen bilete. Her får vi berre harde ord for pengane.
Lite tid og pengar
For om livet som bonde kom på plass på det mest romantiske vis då ho under nokre budeiesomrar brukte meir og meir tid saman med gardbrukaren Gunleik Mæland, tok realitetane i bondetilværet fort over. Ein realitet med nærast brutalt mykje arbeid, lite tid og endå mindre pengar.
Trudde du det var tungt å ha korona med små born i huset? Ver glad du slapp å mjølke og passe på kalvande kyr samstundes. Er det romantisk å vere heile sommaren på ei sæter på fjellet, meiner du? I røynda er det «et liv med mye oppvask».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.