Teater
Ei udramatisk stjernestund
Så mykje kan ei samtale bety når ho får den rette sceniske framføringa.
Wallace Shawn (Huy Le Vo) (t.v.) og André Gregory (Morten Espeland) samtalar om livet og kunsten over eit måltid.
Foto: Ane Bysheim
To menn ved eit restaurantbord. Eit betre måltid med god drykk og ein samtale om livet og kunsten, som i lange periodar får karakter av monolog. Dette er ikkje oppskrifta på godt teater, men slik stjerneregissøren Louis Malle gjorde det til framifrå filmkunst i My Dinner With André for førti år sidan, gjer Morten Espeland og Huy Le Vo det til minneverdig teater. Og den gode teksten, arbeidd fram av dei to som kanskje spelte seg sjølve i filmen, er slett ikkje blitt mindre relevant i dag.
Genistrek
Dessutan har teatersjef Solrun Toft Iversen gjort ein scenografisk genistrek. Ho har lyfta framsyninga ut av teaterhuset og flytt handlinga til det stiligaste rommet i Bergen by – den ikoniske baren på det freda, nyklassisistiske Grand Hotel Terminus.
Publikum sit ved småbord og blir serverte på om lag same vis som dei to hovudpersonane (men må nøye seg med suppe). Slik blir vi ein organisk del av scenografien. Ekte servitørar forsyner gjestene, medan skodespelar Reidun Melvær Berge ser til at dei to samtalepartnarane får alt dei treng. Og i bakgrunnen syter pianist Helge Lilletvedt for dempa akkompagnement.
Perfekte omgivnader for ein samtale som ikkje berre seier kloke ting om livet og teateret, men som også overtydande syner fram eit hovudtema i samtalen: at vi går gjennom livet medan vi spelar vekslande roller. Men ein ting er å snakke om det og observere det hos andre, noko heilt anna å erkjenne at ein faktisk driv med same rollespelet sjølv.
Djupare meining
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.