Bok
Ei soge utan heltar
Krosstoga var noko anna enn moderne propaganda vil ha oss til å tru.
Saladin slik han er illustrert i Koranen.
Thomas Asbridge, som arbeider på Queen Mary University i London, er kanskje verdas leiande forskar på krosstoga, og han skreiv The Crusades då han var mellom 40 og 43. Det gjer meg nesten deprimert at ein mann med så store kunnskapar er så ung. Dette er historieskriving som ho bør vera.
Boka dekkjer heile perioden då dei kristne hadde område i det heilage landet, frå dei erobra Jerusalem i 1099 til dei vart kasta ut av Acre, dagens Akko i Israel, i 1291. Det Asbridge prøver å få til, er å skriva soga frå perspektivet til både dei kristne og muslimane. Litt for enkelt sagt: Dei kristne ville ha att det som hadde vore deira, og muslimane ville ikkje gje frå seg det dei hadde erobra. Dessutan var pavane ute etter noko som kunne samla, og kva var potensielt meir samlande enn Jerusalem?
Ro og autoritet
Mannen er noko så sjeldan som ein særs god skribent full av illustrerande anekdotar, ein tung empirikar og analytikar, og ein som meistrar daude språk. Det er i og for seg ikkje uventa, mellomalderhistorikarar har ry på seg for å vera dei beste historikarane, sidan dei må kunne så mykje meir enn det moderne historikarar treng kunna. Men det som imponerer meg mest, er roa og autoriteten Asbridge skriv med. Etter å ha lese nesten 800 sider, anar eg framleis ikkje kva side han har mest sympati med. Han skriv utan moralsk indignasjon, og han trekkjer konklusjonar som står fram som logiske og rette. I dette mørket er alle kattar grå, iscenesett moralisme ligg ikkje for Asbridge. Min favoritt er elles Boehmond av Taranto, som fyrst erobra Antiokia, men til slutt måtte stikka av. Han iscenesette sin eigen død og lét seg smugla heim i ei kiste med luftehol. Der hadde han selskap av ein daud fugl, for lukta sin del, og litt proviant.
Ja, det er klart at mange på den kristne sida var eventyrlystne og ute etter rikdom. Men i all hovudsak var den kristne sida ei samling av etter kvart hundretusenvis av menn som drog av di dei var gudfryktige og ynskte syndeforlating, som pavane gav dei. Eit varig resultat av krosstoga var at Roma byrja å gje syndeforlating og garantert frelse i byte for pengar, som igjen leidde til korrupsjon, forvitring og til slutt reformasjonen. Men ingen av alle dei kongane som drog i austerlei, drog av di dei mangla rikdom og land heime. Dei drog av di dei ynskte å verta frelste gjennom å gje Kristi fødeland og Jerusalem attende til Gud, Roma og morkyrkja.
Saladin
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.