Film

Ei sann solskinshistorie

The Big Sick er ein gladkomedie med alvorleg undertone.

Zoe Kazan som Emily og Kumail Najiani som Kumail i ein romantisk komedie med alvor nok.
Zoe Kazan som Emily og Kumail Najiani som Kumail i ein romantisk komedie med alvor nok.
Publisert

Standupkomikar Kumail, som spelar seg sjølv, flytta med familien frå Pakistan til USA då han var 14 år. Integreringa har gått bra – litt for bra, om ein skal gå ut frå verdiane foreldra hans framleis har: Han skal giftast bort til ei høveleg dame. Han treffer erkekvite Emily (Kazan) og dermed lyt han ta stilling til kulturforskjellane. Det blir ikkje lettare av at ho hamnar i koma, og han lyt henga med foreldra hennar på sjukehuset.

PK-moro

OK, gjer deg klar for ein skikkeleg politisk korrekt film. Pakistanarar som giftar seg med kvite amerikanarar? Ei dame som er standupkomikar? Ikkje er ho tynn heller? Venegjeng som inkluderer alle hudfargar og kjønn og bakgrunnar? Tenk, alt går faktisk heilt fint! Og det gjer det jo ofte. Det er vel heller at det er så forsvinnande sjeldan me får servert filmar om det, og som me veit, livet etterliknar kunsten, ikkje motsett. Éin ting er at me byrjar bli meir fargerike her til lands, men USA er jo verkeleg den smeltedigelen det har namn på seg for å vera. Det finst mange eksempel på at familiar blir splitta opp når dei kjem flyttande til Vesten og ungane ikkje vil gjere som dei får beskjed om. Ofte er dette triste, traudige greier, naturlegvis, og lukkelege sluttar er unntaket. The Big Sick er sistnemnde.

Asi-ja

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement