Bok
Ei reise under huda
Det blir for mange analysar og for få funn i Hanne Ørstaviks siste roman.
Hanna Ørstavik grublar vidare i bok nummer 15.
Foto: Linda B. Engelberth
I Ørstaviks femtande utgjeving møter vi forfattaren Irma, som for tida held til i Paris. Ho bestemmer seg for å reise sørover i Frankrike og vandre derifrå over Pyreneane, og følgje Walter Benjamins fluktrute til Spania frå under andre verdskrigen. Det er uklart kvifor dette er ei viktig reise, men Irma har ei førestelling om at det er det. Samstundes, det vil seie ein dag før, går Wilma og Leonie den same ruta. Dei er begge tyske jødar som bur i Paris, men dei og Irma kjenner ikkje kvarandre.
Tankane står i vegen
Vi hoppar litt fram og tilbake i Irmas liv, og i liva til dei andre kvinnene. Dei to siste blir verande perifere, mens vi kjem tett på Irma. Det vil seie: Vi kjem tett på grublinga hennar over ting i livet. Irma er opptatt av å komme nærmare noko, forbi eit stengsel i seg sjølv, tettare på sin eigen seksualitet, for eksempel. Ho går mellom anna til ei tantrakvinne for å få hjelp til dette. «Er det derfor jeg er kommet hit. For å trenge gjennom, for at det ikke skal være stengt i meg mer, ikke noen avstand.» Ho prøver òg å få betre kontakt med den vesle jenta ho ein gong var, for at jenta ikkje skal bli ståande der, lubben og usikker for alltid. Kan den vaksne kvinna hjelpe den unge kvinna i seg vidare? Blir den vaksne kroppen meir heil då?
Men å stå tett på ei grubling fører oss ikkje naudsynleg tettare på personen Irma eller på kva ho ønsker å finne der «på andre sida». Ikkje er det godt å seie om ho finn noko, ho heller. Snarare står alle tankane i vegen for å trenge inn i stoffet. Eg blir usikker på kva romanen vil meg, eller om han vil meg noko. Vil han nå ut? Og vil han det gjennom temmeleg tradisjonelle, terapeutiske tema som å finne det vesle barnet i seg sjølv?
Då må det i alle fall føre til innsikter. Det er for eksempel ikkje grensesprengande å bli introdusert for draumar Irma har, som handlar om at ho heilt konkret finn «nøkkelen til barndommen». Særleg når vi ikkje blir presentert for nøkkelholet. Irma er ekstremt merksam på korleis alt kjennest på innsida. Viljen til å gå innover og analysere kvar vesle ting er stor, men det er utmattande for lesaren.
Mykje er uklart
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.