Teater

Ei litt bleik Hedda-framsyning

Sofia Jupithers Hedda Gabler er ei fin, konvensjonell framsyning.

Kjersti Botn Sandal spelar Hedda på Torshovteatret.
Kjersti Botn Sandal spelar Hedda på Torshovteatret.
Publisert

Kompromisslause Hedda Gabler avskyr det likegyldige, det halve, men ser seg tvinga til å leve eit småborgarleg liv med ein mann ho foraktar (Jørgen Sabado), i ein heim ho ikkje kan kjenne seg heime i. Når regissøren ikkje har gjort dei store sprella, men i det aller meste held seg til Ibsens tekst, er det dei små detaljane vi må feste blikket på. Men det vi òg ser, er at Ibsen framleis lèt seg spele på klassisk vis med godt resultat.

Kjersti Botn Sandal er den førebels siste i rekkja av norske Hedda-ar. Ho meistrar rolla godt, men manglar utstråling, verkar litt bleik og er ikkje så farleg som denne nådelause kvinna skal vere. Men ho kombinerer det sårbare med det utspekulerte og manipulerande, og spelet hennar får fatale konsekvensar. Likevel står spørsmålet att, som det oftast gjer når den gåtefulle generaldottera blir framstilt på scenen: Kva er drivkrafta bak det ho gjer?

Opplever ho tilværet som meiningslaust og framtida som utan håp? Er det eksistensiell misnøye som rir henne? Ordet «kjærleik» vil ho ikkje ta i sin munn. Ser ho sine personlege ambisjonar, kva dei no måtte vere, gå i knas? Mot slutten, når alt går imot henne og ho kjenner seg heilt sett til sides og dessutan truga av makta «familievennen» assessor Brack (Trond Espen Seim) har fått over henne, er det lett å skjøne at ho tek fram pistolen. Men her gjer regissøren eit interessant grep ved at ho lèt Hedda, nesten overtydeleg, vise dei andre i rommet kva ho aktar å gjere. Som om ho ber dei hindre henne, eit rop om hjelp, men dei er for opptekne med sitt.

Og når Hedda så skyt seg, skjer det ikkje i naborommet, men for open scene. Ikkje skyt ho seg i tinningen, heller, som ville gitt det ho kalla «en død i skjønnhet», men i magen. Slik drep ho også barnet ho ber.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement