Bok
Ei bok utan svar
I 40 år har ulikskapen vakse i Vesten. Globaliseringa har skulda. Men det visste vi frå før.
Serbaren Branko Milanovic er vel det vi kan kalla økonomen til økonomane. Han er nokså ukjend utanfor fagmiljøa, men har fått ei rekkje fagprisar. No har han stillingar på ulike prestisjeuniversitet både i Europa og i USA, men han er tidlegare sjeføkonom i Verdsbanken. I Global Inequality summerer han opp det som har vore det fremste forskingsfeltet hans, ulikskap, som han er djupt uroleg for. Han meiner den veksande ulikskapen vi ser i Vesten, kan føra til krig. Men han har inga von om at vi vil sjå noka endring.
Utviklinga i ulikskap kan delast inn i tre periodar. Den fyrste industrialiseringa fører til vekst i ulikskap. I England voks ulikskapen fram til 1870-åra, ikkje av di dei fattige vart fattigare, men av di dei rike vart rikare. Den same utviklinga såg ein i alle andre land som vart industrialiserte. Men så kjem ein nasjon til ein periode då ulikskapen vert redusert. For dei fleste andre land enn England kom vendepunktet i mellomkrigstida, i USA etter krasjet i 1929.
Kong Kunnskap
I byrjinga av industrialiseringa er kunnskap konge. Den som forstår seg på den nye teknologien og har kapital, har eit enormt føresprang. Men når dei rike og kunnige får stadig større leiing, dryp det på klokkaren. Med industrialisering fylgjer skulegang og kunnskapsspreiing. Men di fleire som vert utdanna, di mindre verdi får utdanning. Når alle kan lesa, har ikkje lesing nokon økonomisk verdi for den einskilde. Dimed får dei som kan noko, stadig mindre betalt for denne kunnskapen. Heile Vesten vart rikare og jamnare fram til slutten av 1970-åra.
Men så kom 1979. Året som gav oss den islamske vendinga, gav oss også Margaret Thatcher og Deng Xiaopings opning mot omverda. Tida mellom 1929 og 1979 var prega av sterke globale reguleringar, der særleg kapitalflyt vart hindra. Tida etter 1979 har vore prega av deregulering og frihandel. Ja, vi har fått ein global nedgang i ulikskap. Kina har fått ei enorm mellomklasse, og no er også India kopla på den globale vekstmotoren. Men dette har igjen ført til ei utarming av særleg den lægre mellomklassa, der den amerikanske og britiske arbeidaren høyrde heime. I tillegg fører globalisering automatisk til lægre skattar for dei rike. Når kapitalen flyt fritt, kan ikkje einskildnasjonar ha høge skattar på kapital. I Noreg har overskotskatten kome ned i 22 prosent, men ligg i røynda endå lægre. Etter Gro Harlem Brundtlands skattereform i 1992 såg vi straks ein større ulikskap i Noreg, at han ikkje har auka meir etterpå, handlar i hovudsak om at staten har subsidiert dei som har minst, med oljepengar.
Uklar bodskap
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.