Bok

Ei bok å tru på

Thomas Espevik skriv fram store, eksistensielle spørsmål i eit språk som insisterer på at her står noko på spel.

Thomas Espevik debuterer med ein roman om tru.
Thomas Espevik debuterer med ein roman om tru.
Publisert

Kva er tru? Det er noko ein ikkje veit. Det er derfor ein må tru. Men ein kjem ikkje inn på eit religiøst spor utan vidare, nokon må gå føre ein. I Thomas Espeviks debutroman Hva ville Johannes gjort? veks åtteåringen Johannes opp i ein kristen heim og blir forma deretter. Ikkje oppsiktsvekkande i seg sjølv, men Espevik held tematikken fram som einerådande, og kjem dermed i djupna av han.

Sadistiske godgutar

Forfattaren problematiserer kva det vil seie å vere ein kristen, i måten foreldra til Johannes er skildra på. Mora er opptatt av å vere ein god kristen, gjere kristelege ting og avstå frå alt ukristeleg, men ein kan mistenke at det er like mykje av vane og skikk som av eit gjennomtenkt val. Men vilja til å vere ein kristen er inderleg nok. Far sparkar til kattar, drep kjæledyrkaninar for å gjere dei om til mat, gliser av ulovleg tjuvfiske og ser lysteleg på Baywatch. Det er noko her som ikkje skårar på klassisk kristendom, men så er vel kristne menneske òg ufullkomme, som oss andre.

Lille Johannes og venegjengen hans er som småbarn flest: sadistar. Dei hiv kattar utfor stup, kastar stein på svaner og knip av venger og bein på insekt. Dei mobbar den svakaste guten i gata. Men Johannes er òg ein god gut (som småbarn flest), som ser seg rundt med eit klårt blikk og gryande klokskap.

Trua til Johannes blir sjølvsagt ikkje danna i eit vips, men over tid, og utan at han sjølv «merkar det» før han blir ungdom. Prosessen er ikkje på nokon måte dramatisk, men heller ikkje konfliktfri. Når vesle Johannes har halde på å drukne på ein badeplass fordi foreldra ikkje følgde med, heiter det: «Der var det en engel som passet på deg, sa mamma, men jeg svarte at det ikke var noen som helst som passet på meg.»

Noko står på spel

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement