Teater
Ei åtvaring til Vesten
Kva skjer om vestleg likesæle og mangel på klare verdiar får rå?
Stian Isaksen i hovudrolla som Francois.
Foto: Dag Jenssen
Det skal han ha, Tore Vagn Lid, at når han tek på seg å dramatisere ein roman, i dette tilfellet Houellebecqs samfunnssatiriske Underkastelse, gjer han stoffet til sitt eige. Men likevel ikkje meir enn at det er godt attkjennande.
Vi er i Paris i 2022. Eit moderat islamsk parti har vunne presidentvalet, og François mister professoratet sitt i litteratur ved Sorbonne-universitetet. Livet hans dreier seg berre om den dekadente 1800-talsforfattaren Joris-Karl Huysmans og å erobre så mange kvinnelege studentar som råd. Så får han valet om å vende tilbake til det islamiserte universitetet, men på visse vilkår.
Stykket, og romanen, er ein indirekte kritikk av islam, men langt meir direkte kritikk av elitane i Frankrike (og resten av den vestlege verda), som er så ettergivande at dei heller bøyer av enn å ta strevet med å møte eit reaksjonært livssyn med ideologisk eller religiøs motstand.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.