Musikk
Eg veit ikkje kva det skal tyde
Kreativt overskot kan ha fleire former. Hos Nate Amos kjem det til syne som ei uhemma og stadig rørsle.
Nate Amos, her med asparges.
Pressefoto
Vermont-fødde Nate Amos er ei god skrue. Dei siste åra har han hatt framgang med Brooklyn-duoen med det snublete namnet Water From Your Eyes. Så god suksess at 34-åringen i fjor tok fram soloprosjektet han har halde skjult for den delen av verda som ikkje godvillig vitjar musikalske krikar og krokar. Det har det endå meir keivelege psevdonymet This Is Lorelei.
I tysk folketru er Lorelei ei nymfe som lokkar sjømenn på Rhinen i døden med songen sin. Det er òg ein Henrich Heine-tekst. Opningslinja, «Ich weiß nicht, was soll es bedeuten», eg veit ikkje kva det skal tyde, har vi som valde tysk på ungdomsskulen, vore prega for livet av.
Eg veit ikkje om Amos hadde tysk på ungdomsskulen, men kvifor han har plukka namnet, er ikkje så vanskeleg å forstå. I starten var This Is Lorelei eit kunstprega prosjekt utan noko som kunne minne om ei klår songform. Og då vel ein gjerne slike namn.
Ein av dei verkeleg dårlege ideane i starten var ei plate med femti minutt rein støy, og songtitlar som berre var tilfeldige bokstavar og tal. Sjølv ein vilter sjømann vil ikkje lokkast ut i elende av slik. Plata vart faktisk blokkert av distributøren.
Tekstleg mørker
Det This Is Lorelei gjev ut no, er meir som indiepop frå starten av tusenåret enn vrang datastøy. Fleire av songane på andrealbumet Holo Boy, som er ute no i desember, kan minne om den melankolske lykkepopen til Death Cab For Cutie. Dei nærast naivt optimistiske gitardrivne melodiane som knyter songane saman, legg seg i ein liknande mild klang som Bellingham-kvintetten, men med det same tekstlege mørkeret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.