Film

Effektiv, klaustrofobisk spenning

Breaking Surface er ikkje krutet oppfunne på nytt, men det er bra knall i sakene.

Publisert

Forholdet mellom halvsystrene Ida (Ginsburg) og Tuva (Martin) har vore anstrengt heilt sidan barndomen. Ida slit med småbarnslivet, medan yrkesdykkar Tuva lever ut barndomsinteressa dei begge delte. Når dei møtest igjen hjå mora (Wiggen) i Lofoten ei vinterhelg, er det for å ta ein dykketur som i gamle dagar.

Low-tech

Det gjer meg alltid glad når eg får fordommane mine gjort til skamme. Dei fyrst ti minuttane av Breaking Surface tenkjer eg «ja, ja, dette er jo lett å skjøna korleis kjem til å gå». Og for å røpa det alt i starten: Det skjønte eg altså ikkje. Når det er sagt må ein dykkefilm nødvendigvis innehalda ein del felles element, så sjølve plottet er som ein kan forventa: Éin av dei kjem i trøbbel, og den andre lyt ta den knappe tida i bruk før lufta tek slutt. Likevel kjennest det originalt. Kanskje fordi hovudpersonane er kvinner, kanskje fordi handlinga er så enkel, kanskje fordi ein dykkefilm ikkje treng vera high-tech for å vera spennande? Eg skriv dette i fare for at lesarar med forkjærleik for macho actionfilmar tenkjer dette må vera ein puslete, feminin film. Det stemmer nemleg på ingen måte. Djupvassdykking i minusgrader i rasfarlege, nordnorske fjordar er ikkje for puslingar uansett kjønn.

Funkar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement