Film

Dystopisk notid

Ramsey har lødd på så kraftig at eg fryktar noko ramla av på vegen.

Krigsveteranen Joe (Phoenix) arbeider som ein slags torpedo for å frigjera jenter som har blitt kidnappa.
Krigsveteranen Joe (Phoenix) arbeider som ein slags torpedo for å frigjera jenter som har blitt kidnappa.
Publisert

I New York forsvinn unge jenter og endar som sexslavar for rike, mektige menn. Krigsveteran Joe (Phoenix) jobbar som ein slags torpedo for å frigjera desse jentene. Spelet tek ein om mogleg endå meir alvorleg karakter då senatordottera Nina (Samsonov) vert meld sakna.

Musikalsk

Noko av det beste eg veit med filmane til Lynne Ramsey, er musikkbruken. Ikkje berre er ho ein kløppar på å sidestilla uskuldig slagerar frå pophistoria med ofte grimme, grå scener, totalt uredd for å bruka tydeleg symbolikk gjennom tekstane. Originalmusikken i You Were Never Really Here er ved Radiohead-gitarist Jonny Greenwood, og dette preget kler filmen til dei grader. Han har noko tidlaust og samtidig moderne over seg, akkurat som filmane til Ramsey, og ein intensitet som er med på å setja stemninga, saman med det elles aldeles imponerande lyddesignet. Og brummande oppi dette går ein nesten ugjenkjenneleg skjeggete Joaquin Phoenix rundt som ein skadeskoten bjørn. Han utstrålar både tryggleik, styrke og samstundes ei uro som verkar ukontrollerbar.

Irrgangveg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement