Bok

Dystert frå drabantbyen

Erlend Skjetne teiknar eit ærleg bilete av ein drabantby.

Erlend Skjetne har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Publisert Sist oppdatert

«Eg er ikkje ein hjelpelaus biperson i mitt eige liv.» Utsegna kjem frå Vidar, forteljaren i første person som vi følgjer eit døgn, og eit liv, gjennom punktvise nedslag i barndommen og oppveksten hans i Risvollan, ein drabantby i Trondheim. Noregs største frittståande burettslag oppført på 1970-talet, med lågblokker, rekkjehus og ei høgblokk, på eit 500 mål stort område sør i byen.

Her voks Vidar opp, i lågblokk, med mora, Malin og Leifen, den rufsete sambuaren til mora som kom og gjekk, og til slutt gjekk for godt. Leif er ikkje faren hans, men faren til Malin, den sinte, tøffe, utagerande stesøstera hans, ho med sprayboksane.

I nærleiken, i nr. 4, budde Lisa, kalla Flisa, besteveninna til Malin frå barnehagen ­– og livet ut, som for Lisas del blei kort. Vi får ikkje vite akkurat kva som hende, men at det var lagnadstungt, valdeleg og vondt, piplar fram undervegs i romanen, der lagnaden til Lisa går som ein mørk understraum gjennom forteljinga. Vidar var veslebroren som observerte og dilta etter Malin og Lisa i det utprøvande livet deira.

På jakt etter Malin

No er Malin forsvunnen, og Vidar må finne henne, og seg sjølv. Ho blei att på Risvollan, han tok klassereisa ut av drabantbyen, til universitetet og studenthybelen på Moholt. Der flytta han inn for fem år sidan, og hadde kanskje blitt buande om staden ikkje skulle rivast.

No er han og flytteeskene frå Ikea på veg inn i eit sambuarforhold med den handlekraftige kjærasten Kaja. Men først må han finne Malin. «Ho hadde framleis mange vener sjølv om Lisa var borte, det var eg sikker på, folk frå UFFA og Svartlamoen, folk som var like trugande som ho til å søkje ytterkantane av sivilisasjonen, baksida av samfunnet…»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement