Teater
Dylan til overmål
Underhaldande, velspelt, men ikkje godt nok til å forsvare over to timar.
Kvartetten er godt samspelt, skriv Jan H. Landro.
Foto: Andreas Roksvåg
Ideen er god og truleg evig aktuell: mannfolk som ikkje veit korleis dei skal uttrykkje det som eigentleg plagar dei, men i staden tyr til fotballprat. Berre at her har Bob Dylan og låtene hans erstatta fotballen.
Fire karar, tolka av Anders Dale, Sigmund Njøs Hovind, Lasse Kolsrud og Svein Harry Schöttker-Hauge, møtest tre gonger i året for å snakke om og diskutere stort og smått og endå mindre om ikonet Dylan, servere nyhende – om dei har nokon – og halde røyndommen på avstand.
Men på denne samlinga maktar dei ikkje å snakke seg heilt bort frå at den eine kanskje er døyande (Kolsrud), den andre (Schöttker-Hauge) har slått seg saman med eksen til den tredje (Anders Dale), medan den fjerde vil reise til Karibia med elskarinna same dag som kona hans skal føde.
Det kan bli mykje humor av slikt – og det blir det. Men i overkant mykje Dylan den første timen, grensande til utmatting.
Heldigvis endrar framsyninga karakter etter pausen; det blir mindre Dylan, noko meir røyndom – og kanskje hakket meir kjensler og tilsvarande mindre humor. Men så er òg mykje endra då gjengen møtest neste gong.
Heilt velkonstruert er ikkje dette stykket, som hadde urpremiere i Sverige same året som Dylan fekk Nobelprisen i litteratur. Men det grip tak i eit ofte underkommunisert tema og stiller det ut offentleg og til ettertanke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.