Bok

Du finn ikkje noko betre

Verdas beste fotballbok nærmar seg 50 år. Framleis vert ho trykt i nye opplag.

Vinnarlaget Tottenham etter sesongen 1960–61 med manager Bill Nicholson i midten på bakarste rekkje.
Vinnarlaget Tottenham etter sesongen 1960–61 med manager Bill Nicholson i midten på bakarste rekkje.
Publisert

Geir Lundestad, ein av få nordmenn, som meistrar spiss­-
formuleringar på lik line med britane, sa ein gong: «Når ein har lese nok sakprosa, treng ein i grunnen ikkje lesa meir enn føreordet. Det einaste nye ein forfattar kan tilby etter at kjeldene er kjende, er ei uventa vinkling.»

Ja, det er arrogant sagt, men vi forstår kva han meiner. Eg har levd av å skriva i 20 år, og i 45 år har eg nytta det meste av tida eg er vaken, til å lesa. Ein vert litt skadd av slikt. Gleda ved lesing vert borte når ein gjer det til arbeid. Det meste av profesjonell lesing og skriving handlar til slutt om å sjå etter feil.

Men av og til, ein sjeldan gong, kjem du over noko som er heilt ekte nytt, boka du berre ikkje kan leggja frå deg. Du stiller deg spørsmålet: Korleis går det an å skriva så godt? The Glory Game, som – ukjent for meg – vart gjeven ut i norsk omsetjing av arbeidarforlaget Tiden så tidleg som i 1973, er ei slik oppleving. Boka er rein og skjer leseglede. Nei, eg vart ikkje tilrådd boka av ein ven eller ein fotballelskar eller noko slikt. Eg har ikkje nokon å takka. Eg fekk e-post frå ein Amazon-algoritme, noko som meir enn det meste vitnar om kva von- og gledelaus tid vi lever i.

Vi lever i ei tid som til og med har teke frå oss gleda ved å gå i ein skikkeleg bokhandel på leiting etter noko som kan forføra oss i desse få timane vi har fått på jorda. Dessutan lever vi i ei tid der vi ikkje lenger ser fram til å kjøpa billett til ein fotballkamp der laget vi heier på, skal møta Brattvåg i femtedivisjon. Ingen gutunge drøymer i dag om ein dag som vaksen å få spela på Volda.

Beatles

Hunter Davies – ja, det er han som skreiv den offisielle Beatles-biografien – skriv om ei tid som er borte, men han skriv òg om noko som aldri vert uaktuelt: Han skriv om kva det er å vera menneske. Ei bok som The Glory Game, vedgår han heilt ope i eit nytt føreord frå 2001, er umogleg for nokon å skriva i dag. Det er heilt utenkjeleg at ein forfattar no skal få total tilgang til eit godt og populært profesjonelt lag i fotball. Det finst ikkje lenger nokon god fotballspelar eller trenar som ikkje har ein pressetalsmann eller agent som vaktar kvart eit ord. Moderne proffar er ufrie menneske. Dei veit at éi feil melding på Twitter øydelegg millionar i inntekt. Maradona er i dag utenkjeleg. Dag Solstads setning om at vi burde vera glade for at narkomane vil spela fotball, er i vår tid totalt absurd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement