Leiar

Nederlaget

FILE - A U.S. soldier holds a sign indicating a gate is closed as hundreds of people gather some holding documents, near an evacuation control checkpoint on the perimeter of the Hamid Karzai International Airport, in Kabul, Afghanistan, Thursday, Aug. 26, 2021. (AP Photo/Wali Sabawoon, File)
Ein soldat held eit skilt der det står «Gate is closed» ved den internasjonale flyplassen i Kabul i Afghanistan 26. august 2021.
Publisert

Natt til 21. august 2021 vart den norske ambassadøren, saman med ei gruppe afghanarar som arbeidde for den norske delegasjonen, flogen ut av Kabul under dramatiske omstende.

Inngangspartia til flyplassen var overfylte av desperate flyktande menneske. For å koma seg på flyet måtte dei afghanske ambassadetilsette få hjelp av soldatar frå den norske spesialkommandoen. Soldatane fjerna piggtråd og fekk dei over flyplassmuren.

Saman med den norske ambassadøren kom dei seg så inn på eit ventande dansk militærfly. Ein time seinare steig ambassadøren ut av flyet i Islamabad. Det endelege nederlaget for den norske Afghanistan-krigen var eit faktum.

Sist veke kom Afghanistan-utvalet med rapporten Nederlaget – Norge i Afghanistan 2015–2021. Det er ei oppfølging av rapporten som kom i 2016, om åra frå 2001–2014. Som den førre rapporten er den nye òg sterkt kritisk til det norske engasjementet.

Det var venta, for deltakinga i krigen var eit stort mistak. Det var overmot på sitt verste, men vi hadde ikkje sjølvstende og mot nok til å stå imot presset frå USA. Som det står i rapporten: «Kritisk vurdert var Norge en lojal og dels ukritisk medhjelper for USA.»

Eit av måla med krigen var naivt nok å skapa ein demokratisk stat i Afghanistan. Men som utvalet skriv: «Statsbyggingsmålene var for ambisiøse, midlene forfeilede, kunnskapen for svak og tidslinjene for korte.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement