Kommentar

Ti år sidan skrekkbylgja i Paris

Samanfall av sosiale og ideologiske tilhøve kan framprovosere ny vald.
 

Ei minnetavle med namna til dei drepne 13. november 2015 blei reist ved inngangen til den populære konsertstaden i høve seksårsmarkeringa i 2021.
Publisert

Tjuefem minutt over midnatt 14. november 2015 kom dei fyrste skrekkslagne gjestene frå konserten til Death Metal ut av konserthuset Bataclan, med hendene over hovudet. Inne i konsertlokalet fann politi og ambulansepersonale 90 døde eller døyande og over 100 skadde.

Klokka 21.47 hadde publikum vorte overraska over lyden av noko som viste seg å ikkje vere fyrverkeri, men skot i seriar. Californiabandet på scenen dukka ned. Folk skreik at det var blod overalt. Ein politimann kom seg inn klokka 22 og skaut mot ein terrorist på scenen, mannen utløyste bombebeltet og sprengde seg i lufta. Maskingeværa knatra frå fleire kantar av salen. Stanken av blod, krut og ekskrement frå døde og livredde menneske breidde seg.

Hopehav på tvers

Det særmerkte konserthuset frå 1864 hadde rom for alt frå klassisk til rock, rap og metal. Eitt var at staden var perfekt møtestad for all slags folk frå heile Paris. Unge muslimar kom òg dit for å danse, røykje og drikke medan dei høyrde på musikk ein mulla aldri ville godkjent. Unge fekk vener og kjærastar på tvers av religion og opphav. Slike «fråfalne», har vi lært, er verre enn vantru for jihadistane. Dessutan trudde jihadistane at den jødiske familien Laloux framleis åtte bygningen. Det hadde dei gjort i førti år, men dei selde to månader før attentatet.

Fem andre stader vart angripne, fyrst Stade de France i St. Denis, så ei line av restaurantar i skiljet mellom aust og vest, ned til Boulevard Voltaire. På stadionet vart president François Hollande, som såg på tysk-fransk fotballkamp, raskt sikra, men der døydde 11 personar. 21 fleire omkom av maskingeværeld mot fem restaurantar.

Algeriske jihadistar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement