Teater
Dristig lydbokteater
Teaterversjonen er spennande, men langt frå uproblematisk.
Kingsford Siayor og Ingrid Unnur Giæver spelar hovudrollene som Erlend Nikolaussøn og Kristin Lavransdatter.
Foto: Trøndelag Teater
Kjersti Horn er ein kompromisslaus teaterregissør som ikkje går av vegen for radikale løysingar. Slik også når ho lèt første band av Sigrid Undsets mellomaldertrilogi spele seg ut i fire timar (ikkje medrekna pausar). Eller spele seg ut? Er det det som skjer i eit fullstendig lukka scenerom av lys kryssfiner heilt utan rekvisittar og med einast ei opning ut mot publikum? Eit rom som godt illustrerer det avgrensa handlingsrommet ei kvinne hadde på 1300-talet, og kva Kristin måtte stå imot dersom kjærleiken skulle sigre over pliktkjensle og tradisjon.
Jo, spel er det òg. For framsyninga vekslar mellom tekstlesing, dialogar og meir tradisjonell dramatisering. Eit stykke på veg forteljeteater og lydbok, der publikum sjølv må skape mange av dei bileta vi er vane med at teateret gir oss. Som om scenekunsten abdiserer, men også eit bilete på kor mektig god tekst kan vere. For det er ikkje svært mykje tekst Horn har kutta, men vi hadde nok tolt ein noko kortare versjon med meir vekt på psykologi og kulturhistorie. I sum blir framsyninga meir telling enn showing.
Alle dei medverkande er på scenen heile tida, dei fleste speler også fleire roller, noko som stundom kan forvirre. Alle er kledde i kvardagsklede frå i dag, med joggesko og det som elles høyrer til. Til dømes vekslar Kristin og Erlend på å bere ei T-skjorte med «Rebekka West» på brystet, ei påminning om ei anna kjend trekanthistorie, frå Ibsens Rosmersholm. Kombinasjonen av det heilt moderne og ei historie frå høgmellomalderen – i Undsets noko høgtidsame språk – er ikkje uproblematisk. Men det får fram at kjærleiksproblematikk, sosial skam, kjønnsproblematikk, tvangsekteskap, klassesamfunnets grenser og religiøs tvil og tru ikkje er noko som berre høyrer fortida til. Ei side ved dette blir antyda, men sjølvsagt ikkje tematisert i spelet, ved at ein farga skodespelar, Kingsford Siayor, speler Erlend mot den pur unge, uskuldsreine Kristin (Ingrid Unnur Giæver).
Brot, ikkje berre med tida, men også med sjølve regikonseptet, synest kyrkjebrannen i siste akt å vere. For då er det som om seta i salen ristar, og scenen blir fylt med røyk. Denne effektbruken og uforklarlege «realismen» i ein regi som elles er minimalistisk og heilt fri for effektar, er uråd å forstå.
Framsyninga er både teksttru og teksttung. Og i lengda kunne dette blitt alvorleg keisamt, men den stadige skiftinga av perspektivet under «høgtlesinga» og dei hyppige brota i form av små scener og dramatiseringar av historia gir framsyninga ein dynamikk ho absolutt treng for å halde på publikums interesse i fire timar. Likevel maktar ikkje ensemblet å halde oppe «trykket» heile tida, då kan tekstframføringa stundom bli slappare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.