Teater

Draumen om det gode livet

Velspelt og vellukka dramatisering av ein moderne klassikar.

Samspelet mellom Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen er særs godt, meiner Jan H. Landro.
Samspelet mellom Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen er særs godt, meiner Jan H. Landro.
Publisert

Marit Eikemos roman Gratis og uforpliktande verdivurdering, med diskré vink til Ibsens Et dukkehjem, burde bli obligatorisk lesestoff for huskjøparar, husseljarar, eigedomsmeklarar og kunderådgjevarar i bankane.

For dei lite leselystne kan denne oppsetjinga vere ei god erstatning, sjølv om ei slik dramatisering aldri kan yte boka full rettferd.

Romanen er ikkje lett å dramatisere, men Mari Hesjedals versjon syner respekt for opphavet og har fått med seg det vesentlege. Humoren er heldigvis også teken vare på.

Det Eikemo presist set fingeren på, er kor stort gapet mellom draum og røyndom kan vere, samstundes som ho talande får fram kor viktig fasaden er for sjølvbiletet til mange av oss (truleg dei fleste). Og trua på at ytre endring kan gjere noko med sjølve tilværet vårt.

I Mari Lotheringtons enkle, men effektive scenografi med flyttbare element, er Hanne (Idun Losnegård) viss på at dersom familien på fire berre finn draumehuset, vil livet endre seg til det perfekte både for henne, mannen (Kyrre Eikås Ottersen) og dei to ungane (Carina Furseth og Peder Lauvås, som båe også går inn i fleire småroller).

Då den rette einebustaden – med hage! – dukkar opp, byrjar jakta og kaoset. Før dei kan leggje inn bod, må dei få heva lånetaksten på husværet dei har budd i dei siste ti åra (og som middelklasseparet, når det avgjerande valet nærmar seg, må vedgå at dei er glade i og eigentleg alltid har trivest i).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement