JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Draumen om California

Bergensbandet The Other End platedebuterer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
The Other End hyller ein bestemt musikkultur frå 1960- og 70-åra.

Foto: Julie Hrncirová

3748
20230609
3748
20230609

Rock

The Other End:

The Sun Will Do You Good, They Said

Just Isn’t Music / Diger Distro

Å ikkje verte gåande og vente på at telefonen skal ringje, kan som kjent verte eit mål i seg sjølv. Men skal vi tru forteljaren i den fine balladen «Late Night Calling», det femte sporet på debutalbumet til Bergens-bandet The Other End, er det å ikkje lenger vente ein tvitydig triumf: Det vert nok til at ein svarer, likevel. Slik sett har lite endra seg sidan Lars Lillo-Stenberg først song «Venter på telefon» (på DeLillos-klassikaren Hjernen er alene, 1989) for godt over tre tiår sidan.

For den lengtande kan det å vente vere rein tortur, og røysta til Ida Knoph-Solholm er som skapt til å ta vare på den spenninga – ho kan romme noko som er sårt, for i neste sekund å uttrykkje ein eigen styrke. Det dreier seg om ein markant vokalist som kan ta vare på motsetjingane som bur i ein låt, slik at lyttaren kjem tett på ei stemning som er i endring, i rørsle. Mange av dei finaste popsongane fortel at ein er over noko, samstundes som dei demonstrerer at det motsette er tilfellet.

Rutinerte musikarar

Saman med Alexander Breidvik utgjer Knoph-Solholm The Other End – dei to starta bandet i 2016 og lagar alle melodiar og tekstar. Lyden av The Sun Will Do You Good, They Said er likevel lyden av eit heilt lag med ypparlege musikarar. Cato «Salsa» Thomassen (mellom anna kjend for arbeidet med Madrugada) har produsert plata og er dessutan med på gitar.

Viktige er også dei allsidige og rutinerte musikarane Chris Holm (bass), Olaf Olsen (trommer) og Morten Qvenild (tangentar). Trombonen ein kan høyre mot slutten av «Late Night Calling», er det Erik Johannessen som spelar på. Dukkar opp gjer også strykekvartetten Oslo Strings (arrangement ved Lise Voldsdal). Dette er solide saker, heile vegen frå start til mål.

Sjølv om The Other End vil vere eit nytt namn for mange lesarar, er det kanskje også nokre som har høyrt dei før, for duoen har vore på veg opp og fram ei stund. EP-plata frå 2018 var det fleire som la merke til, og utgivinga fekk dei til Austin året som følgde, med deltaking på South by Southwest i 2019. Der er det vanskeleg å stikke seg ut i hordane av håpefulle artistar, men det gjorde sanneleg The Other End, som vart løfta fram av sjølvaste NPR.

Internasjonalt

The Sun Will Do You Good, They Said bør kunne hjelpe dei ut til eit endå større internasjonalt publikum. Debutalbumet vart skrive i ei leilegheit i Kreuzberg i Berlin, og litt enkel hovudrekning fortel at dei har teke seg god tid, i tillegg til at pandemien vel har forseinka saker og ting for mange band som var i ferd med å gjere seg gjeldande i 2020.

I ein eigen omtale melder duoen at dei har forflytta seg litt sjangermessig frå slowcore-uttrykket på EP-plata under arbeidet med albumet, og at ein mellom nyare inspirasjonskjelder finn namn som Laura Marling, Waxahatchee og Weyes Blood – noko som vel signaliserer ei dreiing i retning americana.

Det høyrer ein ikkje minst på opningssporet «California Dreamer», som er ein direkte, sommarvarm hyllest til ein bestemt musikkultur, nemleg den som vaks fram i Laurel Canyon på 1960- og 1970-talet. Draumen om California er eit eige motiv med mange klangbotnar, langt utover drøymeriet til The Mamas & the Papas («California Dreamin’», 1965).

The Other End gjer ein eigen sjarmerande vri, der fantasien er å sitje i ein hage og lytte til Jackson Browne, skrive songar om blomar og kanskje tenne eit bål: «I wish I had savings for running away.» Delstaten som no stadig er herja av skogbrann, eksisterer framleis som populærkulturell mytologi – nokre draumar døyr visst aldri.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis