Teater
Draum og røyndom i muntert spel
Tankespelet er morosamt, men går ikkje inn i teaterhistoria.
Skodespelarane blir inviterte inn i ein teaterleik.
Foto: Magnus Skrede
Danske Kamilla Wargo Brekling og medspelar Karina Dichov Lund har invitert fem kvinnelege skodespelarar med på ein teaterleik der manuset og framsyninga blir til i prøvetida. Grunnlag for oppsetjinga er intervju Brekling har hatt med dei fem om draumane og røynslene deira.
Som kjent kan det vere stor avstand mellom det vi drøymer om, og det vi opplever. Slik er det også i dette stykket, som er laust sett saman av korte innslag, med kontrasten mellom draum og brutal røyndom som berande tema. Og konklusjonen er klar: Røyndommen har ikkje ein sjanse!
Veggane i scenerommet er rosa, sjølvsagt, og aktørane vassar i rekvisittar, medrekna fleire gardintrapper og ein kvit elefant. Framsyninga opnar med at dei fem presenterer ønske for alle mellom fem og 105 år. Det kan vere frå det heilt enkle slaget til dei villaste millionærdraumar. Vi ser kor lite som ofte kan utløyse dei største dagdraumane – og kor fjerne dei kan vere frå det vi står oppe i og realistisk sett kan håpe på.
Dessutan: Er ønskedraumar berre av det gode? Kan dei ikkje gjere oss slitne? Gjer dei ikkje noko med korleis vi opplever kvardagen og det nære? Tek dei kanskje òg bort noko av glansen ved det gode vi trass alt har kring oss?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.