Film

Dr. French og Mr. Moland

At Joshua French verkar så til dei grader truverdig, gjer Mordene i Kongo til ein særs lite truverdig film.

Moland (Tobias Santelmann) og French (Aksel Hennie) på veg til retten.
Moland (Tobias Santelmann) og French (Aksel Hennie) på veg til retten.
Publisert

Kva skjedde eigentleg i Kongo med Joshua French og Tjostolv Moland? Ein av dei mest kjende mediesakene i Noreg har vorte gjord om til spelefilm. Det vil seia at det som finst av fakta, er sett inn i eit dramatisk plott der kva som eigentleg eigentleg skjedde, framleis er like uklart. Sjansen for at folk går og ser denne filmen, er svært stor. Og i den grad det blir kalla «basert på ei sann historie», gjer filmen krav på å bli teken som i det minste éi av sanningane. Då pliktar dei å søka balanse, og akkurat det er nesten fråverande i Mordene i Kongo.

Stakkars Joshua

Tenk, så har det kome ein film om Kongo der alle dei mørkhuda skodespelarane blir framstilte som enten slitsame lukkejegerar, slemme menn med gevær eller korrupte advokatar og dommarar. Det skal ikkje dermed seiast at alt er vel i Den demokratiske republikken Kongo, langt derifrå, men det bidreg kraftig til å vippa sympatien over på heltane våre – og ja, dei blir faktisk framstilte omtrent som heltar. Det er knapt nemnt noko om bakgrunn, oppvekst og kvifor dei har denne enorme lysta til å vera leigesoldatar. Aksel Hennie legg ansiktet sitt i dei mest innstuderte, bekymra faldane for å visa kor lite Joshua French eigentleg rår med det som skjer. Og kva er greia med å gje Joshua rolla som det primitive fengselets Mor Teresa? Tobias Santelmann har fått jobben med å tolka Tjostolv, ein karakter som tydeleg skal få skulda for alt som skjer. Stakkars, stakkars, stakkars Joshua som stadig er så uheldig – alt han ville, var jo å reisa ut på nye eventyr.

Factionfilm

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement