Film

Døds-OK

Ikkje eingong Helen Mirren klarar å røska tak i tårekanalane mine.

Familien besøker June, som ligg for døden på sjukehuset.
Publisert

Då mor June (Mirren) hamnar på sjukehus, denne gongen utan håp om å koma heim, samlar ungane seg rundt henne for å feira jul. Far Bernie (Spall) virrar rundt til stadig større frustrasjon for den framleis heimebuande sonen Connor (Flynn), men mest frustrasjon er det mellom dei tre systrene.

Tåretørt

Ingenting seier jul som ein god, koseleg film, gjerne ein som får tårene til å koma, takksemda for å ha det fint eller sorga ved å sakna nokon. Goodbye June har – på papiret – alt dette. Familiefilmen er verkeleg ein familiefilm, produsert av regidebutant Kate Winslet, som også som har sonen Joe Anders med seg som manusforfattar.

I tillegg handlar stort sett heile filmen om familierelasjonar, søskenkjærleik og søskenkrangling, barn og barnebarn. I sentrum ligg fine, skjøre, sterke June og vil berre døy vitande om at alle har det bra. Med denne premissen, pluss britisk aksent, stjerneskodespelarar, snø og julestemning, burde tårene strøyma som ei elv i vårløysing, men auga er tørre som ein utdrenert bekk. Det uoriginale ordvalet er tilsikta.

Ikkje kalkun til jul

Eg synest Joe Anders (f. 2003) fortener kudos for å ha laga eit manus i så ung alder, det held mål i forhold til langt meir drivne forfattarar, særleg med tanke på at død og aldring er hovudtema. Det er berre det at karakterane blir sjablongar, og sjablongar funkar ikkje så bra for å vekka kjensler. Særleg systrene blir veldig enkle: slem, strebete syster som berre bryr seg om økologisk mat til ungane, hardtarbeidande syster som føler seg som dårleg mor, og hippiesyster som er yogainstruktør og dermed automatisk ei me skal le av. Veslebror, som tydeleg slit med alskens, får me aldri vita noko særleg om, anna enn at me skjønar at han slit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement