Bok

Død og pine, så moro

Maren Uthaug gravlegg finkjensla og gir liv til ei fantastisk historie.

Maren Uthaug er ein dansk-norsk forfattar, teikneserieskapar og bloggar.
Maren Uthaug er ein dansk-norsk forfattar, teikneserieskapar og bloggar.
Publisert

For dei som syntest Six Feet Under, om den amerikanske familien som driv eit gravferdsbyrå, var i overkant morbid, er det berre å styre unna Maren Uthaugs roman Ein lykkeleg slutt. Han overgår langt HBO-serien i groteskeri. Men toler du slikt, kan du trygt opne boka og med det same komme til å gi deg sjølv ei av årets store lesaropplevingar.

Det er Nicolas som fortel historia. Han er nekrofil og den einaste i åtte generasjonar av menn i familien som ikkje heiter Christian. Heilt frå Christian 1 reiste frå stillehavsøya Tikopia via Rotterdam til Danmark på 1800-talet, har familien halde seg i gravferdsbransjen og følgt tidas skikkar og nyvinningar på området. Nekrofile Nicolas skammar seg over legninga si, men nesten like mykje over at han ikkje heiter Christian.

Blant dei andre Christianane finst petimetrar, synske, brannstiftarar og mordarar, og alle damene i familien som heiter Liliane, anten dei lever opp eller ikkje, er krakilske og uregjerlege. Når nokon i familien blir ramma av ei overskridande kjensle, gjerne ei som er både oppheta og tabu, kjem det noko raudt til syne i augo deira. Dette trekket har dei bore med seg heilt frå starten på Stillehavsøya og er som ein raud tråd, bokstaveleg talt.

Ei reise i historia

Dansk-norske Maren Uthaug mottok Læsernes Bogpris for Ein lykkeleg slutt i 2020. Same år kom den kritikarroste Der det finst fuglar på norsk. Forfattaren er kjent for å ikkje ha ein særskilt kjenslevar forteljarstil, heller ikkje i årets roman legg ho fingrane imellom. «Den første gongen eg sitra i møte med kald hud, var i 1986», fortel Nicolas.

Men som forfattar er Uthaug sjølvsagt kjenslevar – observasjonsevna er upåklageleg, og der vi blir tatt med gjennom fleire generasjonar med gravferdshistorikk og -praksisar, kjem òg ein omfattande kultur- og samfunnshistorie til syne. Her høyrer vi for eksempel om utviklinga mot det sosialdemokratiske Danmark: «Då prestane endeleg fekk fast løn og ikkje lenger måtte leve av almisse, fanst det ikkje nokon grunn til å halde lengre minnetaler for dei rike eller reservere utvalde område på kyrkjegarden til dei som kunne betale. Frå no av var vi alle like, også i døden.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement